tirsdag 30. mars 2010

Piken i det grønne.

Sjå denne nydelege jenta!! Fekk ho i gåve av tanta og onkelen min for nokre år sidan.





Ha ein fin kveld alle saman:)

mandag 29. mars 2010

Draumen og våren.

I går var vi ein tur til heimbygda mi. Det er ca. ein time utover til kysten. Eg blir like overaska kvart år over kor mykje tidlegare vår det er der ute!! Kjenner heimlengselen kjem snikande.....

Bileta er frå besteforeldra mine sin hage. Den hagen er berre utruleg flott!!! Hugsar godt at det stoppa folk på vegen når eg var liten for å ta bilete;))) Desverre har ikkje dei kunne vedlikehalde han dei siste åra... Så no må vi ta i eit tak:) Bloggen min heiter jo Anns Draum...... Dette er då min draum!! Å flytte heim, ta over gamlehuset som no står tomt og etterkvart og garden etter min far. Tida vil vise;))



Her er gamlehuset på garden! Eit godt gøymd sveitserhus frå 1920:) Det fekk eit realt "løft" på slutten av 1970 talet;)) Ville nok nærma meg meir mot orginalutgåva eg då;))


Slik ser store delar av plenen ut!!! Tenk berre når sola skin og dei opnar seg!!!!!







fredag 19. mars 2010

Impulskjøp:)



Eg er vel ikkje akkurat kjend for å vere noko sydame.... Langt der ifrå!! Manglar litt tolmodigheit kan man trygt seie....




Men så har det seg slik at eg var på butikken.... Kikka som vanleg opp i hylla etter nye utgåver av diverse interiørblad(!!!) Der mellom anna lektyre stod dette fantastiske bladet!!! Måtte berre ha!!! Kan jo vere at eg har eit godt gøymt talent for sying!!! Genetisk burde eg iallefall det;)))


Ha ein kosleg fredagskveld alle mine gode bloggvener;))

Lillepus...

Her er dei fleste heldigvis på betringens veg. Berre lillepusa vår som ikkje er betre, så imorgon må vi nok til barnelegen. Pga. av redusert imunforsvar er det viktig å avdekke ev. infeksjonar..... Men ho lar seg ikkje afisere for masse:) Både stue, tv stue og to barnerom har ho og systra endevendt idag etter at mora hadde rydda så fint! Men dei er no flinke å rydde og. Minstesøstra ryddar til og med storebror sine sølete støvlar som ALDRI står i garderoben( som forøvring er i boden under trappa).


I morgon har eg planar om å gå laus på kleskapa!! Ut med alt som aldri vert brukt og tar opp plass. Håpar snart å få gjennomført min plan for loftstua og;)) Vent og sjå.... Blir extreem meakover!!!!

God natt alle der ute:)

tirsdag 16. mars 2010

Var det nokon som sa vår???


Her har vi fått 20 cm nysnø idag!! Eg berre måtte lage ei snølykt!! Men håpar for all del det er den siste denne vinteren...

Går det an????


No igjen!!! Nok ein runde med sjukdom! Samtlige i huset er utslått.. 3 med omgangssjuke og to med influensa. Eg har fått influensa, men idag er eg sanneleg kvalm og..... Hadde den jo for to veker sidan, kan no ikkje få den no igjen vel!!! Må seie eg er driiit lei denne vintersesongen no... Så har du dei som seier: vi må ikkje klage, vi har jo hatt så fin vinter...... Vel dei har neppe vore heime tilsammen 2,5 mnd med sjuke ungar!!!! Grrrrr.... Ikkje er det spessielt oppløftande å sjå ut heller, det berre snør og snør, tippar vi har snø til juli om dette ikkje tar slutt snart.

Phuuu, godt å få det ut;)) Sidan eg har vore fint lite aktiv på biletetaking i det siste, skal de få sjå litt frå mi inspirasjonsmappe... Her er litt frå Finn, frå div katalogar +++ Her er det ei salig blanding av mange stilartar med en fellesnevnar: ME LIKE:)











Ha ein fin dag alle sammen:)

onsdag 10. mars 2010

Min første award:)))))

Jippi, har fått min første award!! Tusen takk til Villa Twil http://willatwil.blogspot.com/ :)



The sushine Blog Award is awarded to bloggers whose positivity and creativity inspire other in the blogworld. The rules for accepting the award are:

1. Put the award on your blog or within your post,

2. Pass the award to 12 bloggers,

3. Link the nominees within your post,

4. Let them know they recieved this award by commenting on their blog.

5. Share the love and link to the person whom you resieved this award.



Desse 12 flott bloggane får denne hos meg:



Hilde Heimdal: http://hildeheimdal.blogspot.com/

Sjarmerende- gjenbruk: http://sjarmerende-gjenbruk.blogspot.com/

Anette Willemine: http://anettewillemine.blogspot.com/

Livys lille hverdagsblogg: http://livys-lille-scrappeblog.blogspot.com/

Lindas hus: http://lindahus.blogspot.com/

Charm design: http://heidamen.blogspot.com/

Anettes hus: http://www.anetteshus.com/

Chatrines Living: http://www.chatrinesliving.com/

My home is my Castle: http://myhomeismycastlebykari.blogspot.com/

Litt shabby, litt slitt og bare mitt: http://littshabbylittslittogbaremitt.blogspot.com/

Lindas sted : http://lindas-sted.blogspot.com/

Neet on net: http://neet-on-net.blogspot.com/

Om nokon kan tipse meg korleis ein lagar link via navnet tar eg imot med takk, får det berre ikkje til i bloggen.....

Ha ein fin dag alle!

søndag 7. mars 2010

Lampekjøp

Eg har kjøpt meg to nye lampar i det siste. Ein på toalettet og ein på vårt soverom. Toalettet har eg vel aldri vist bilete av før, her har eg mitt lille galleri av naturfotografi:) Skal vise meir ein annan gong!




Soverommet trengte definitivt litt glamour;)) Og det vart det! Er ikkje så godt å få fram på bilete, men denne krona gjer eit nydeleg lys.




tirsdag 2. mars 2010

skapet ferdig...nesten


Då var skapet klart..... vel manglar framleis knottar men det kjem etterkvart. Tok litt lenger tid enn eg tenkte då husstanden vart ramma av denne fæle omgangssjuka, denne gangen slapp ikkje mora unna heller:/ No skal eg samlekrefter ei lita stund, så e det jobbreise, kjem heim i morgon kveld.
Vart nøgd med skapet igrunn, blei kanskje litt "tungt" på toppen med så kraftig list men pyttsann! Skapet unnslapp iallefall bosshaugen:)))
Har forresten fått meg besøkstellar omsider... Eg trudde det var dødt her eg men det er det jo ikkje:) Kosligt;))
Ha ein flott dag alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails