fredag 30. juli 2010

Om man var rik.....

kunne man kjøpe dette flotte huset på Strilelandet!!!! Sjekk det toalettet!! Nyyyydelege fargar..


Stua er minst like flott, fantastisk fine tapetar i dette huset!





Sånn høg panel lure eg på i gamlehuset, så flott med den lista rundt...


Den plassbygde benken framfor vindua er jo ein draum:)



Her skulle eg gjerne tatt oppvasken!!!!!


I dag har vi feira mannen sin bursdag så her har vore fullt hus og stormandes jubel;))
God fredag til alle:)

Link til Finn annonsa finn du her.

torsdag 29. juli 2010

Ein ny hobby??

Eg har då teke fram symaskina igjen og oppdaga noko snodigt!!!! Eg lika da igrunn!! Kven hadde trudde det? For å sitere mor mi: sy??? du???

Ja, eg syr, tru da eller ei;)) I det høve bestillte eg stoff og stil katalogen. Her e litt inspirasjon derifrå! Dei har stoff i alle tenkelege kvalitetar, både til interiør og mote:) Trykke her for å sjå sida deira.









Ha ein fortreffeleg kveld alle saman:)

mandag 26. juli 2010

Små glimt frå gamlehuset....

Endeleg kom sommaren til oss og!! Denne helga har vi derfor vekkprioritert husrenovering og maling til fordel for arbeid UTE på garsjen her heime og kvalitetstid i fjellet;)

Men: Har fått malt eitt soverom eitt strøk til i gamlehuset. Før og etterbileter kjem når listverket er ferdig!

Her er litt av det gamle flotte huset og nokre av dei orginale detaljane som ikkje forsvann på 70-talet;)






Loftet inneheld to store og to små soverom. Her er soverommet vi skal bruke! Dette rommet overnatta eg alltid på når eg var lita og var på overnattingsbesøk;))) Sjølv om eg på den tida var sååååå glad i dei rosa blomane, trur eg nok dei må vekk no;) Møblane fekk besten laga i Bergen som gave til seg og besta då dei gifta seg;)) Senga er nydeleg synest eg. Her er god takhøgde ca. 2.7m.
På loftet er alle dørene gamle massive tredører. Flotte ikkje sant.

Her er på det andre store soverommet. Her er dei gamle taklistene fortsatt, dei skal IKKJE ut!!

Idag er mamma på Ikea og handlar vask til kjøkkenet, klør i fingrane, kan knapt vente til helga igjen:)))
God kveld alle sammen!




fredag 23. juli 2010

Kveldens syslar...

Eg er som tidlegare sagt ikkje kjend for å vere noko flink i handarbeid.... MEN: No har eg tatt tak i nakken på meg sjølv, børsta støvet av symaskina(bokstavleg talt!!) og sett meg til å sy!! Og korleis har det gått?? Jau.... prøver meg på litt vimplar og nokre fylte hjerte, kor vanskeleg kan da vere!? MEN: Utan skikkeleg saks og synål stranda prosjektet litt:/ Seier jo litt om kor ofte eg syr... Vel eg skal no gjere det ferdig, må berre få sånål fyst;)))




Med selskap av denne på kjøkkenbordet går alt som ein leik:)



God kveld alle saman:)

onsdag 21. juli 2010

Kjøkkenoppussing

I helga byrjar vi etter planen på kjøkkenet i gamlehuset. Vi skal bruke den innreiinga som er der men den skal få litt maling og omrokkering;)) Har eit ganske klart mål for korleis det skal bli... men litt inspirasjon skadar ikkje:) Bileta er henta frå Country Living.


















No på sommaren blir eg veldig inspirert av landlege og nostalgiske kjøkken, men når hausten og vinteren kjem likar eg litt meir stramme linjer og klassisk uttrykk.... Kan vere vanskeleg å kombinere men med ein litt nøytral basis går det fint:)) Gler meg til å komme igang, blir forhåpentlegvis ferdig med fyrste soverommet og:) Bilete kjem!!
Ynskjer alle ein flott dag og kryssar fingrane for at de har litt betre ver enn her!! Ser ut som hausten er over oss....




søndag 18. juli 2010

Siste feriedag og nye hagemøblar

Huff, idag er siste dagen av ferien vår... Vi hadde ei flott veke på helgeland og fekk sett sola der:) Her heime har det heller vore dårleg.... I går var vi på min heimplass på skjærgårdstreff, starta dagen innom på sportsbutikken!! Kjøpte meg nye raude støvlar og stooor paraply:)

Eg er ikkje klar for jobb endå kjenner eg... 1 veke gjekk vekk i sjukdom og denne siste veke skulle vi bruke i gamlehuset... Der har ikkje snekkaren gjort det han skulle og dermed vart det begrensa kva vi fekk gjere:( Begynnt å male nokre soverom, bilete kjem etterkvart;)

Garasjen går iallefall på framover, vi er godt igang med å legge takstein og med litt opphaldsver er den ferdigmalt og:))) Og vi har kjøpt eit sett med nye hagemøblar til den nye uteplassen vår!! Vart veldig nøgd, sjølv om vi igrunn hadde tenkt oss rotting møblar. Vi fall pladask for denne gruppa begge to og då er det jo ikkje noko å lure på:))



Om nokon skulle lure så er dei to kvite "pålane" stativet for ein utrekkbar vindskjerm. Den har vi lånt av svigerfar for å sjå om vi kunne tenke oss ein slik.... Det trur eg heilt klart vi kan:)))


Eg og ungane skal ha ei ferieveke før skulen begynne igjen, Hurra!!! Då vil vi ha SOL

Ha ein fin dag alle saman:))

lørdag 10. juli 2010

Ferie modus...

Her e liv:))))) Vi har hatt ferie i to veker no:) Første veka gjekk bort i sjukdom hos minstejenta igjen... Men no er vi på Helgeland og her er det fantastisk å vere lyst, varm og masse sol (vel ikkje i dag, men meldt supert ver i morgon) Mannen min er oppvaksen her i Himmelblålandet.



Tur til Ylvingen, like flott som på tv:) Tatt frå kaia på Himmelblå med Vega i bakgrunnen.


På veg ut til Ylvingen, blikk stille hav. Nyyyydeleg!


Her er utsikta seint på kvelden der vi bur her nord.



Det er obligatorisk med ein tur i Torghattholet:) I år gjekk vi opp på baksida og ned på framsida og grilla på stranda etterpå:)










Ikkje noko lite hol dette!!!!







Blomsterpika mi på oppdagelsesferd på svaberga:)
Håpar alle har ein flott sommar!!! Klem;)





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails