mandag 30. august 2010

Mørkare kveldar...

Det er så kosleg å tenne lys inne no når kveldane etterkvart vert mørkare. Lysta til å dille og dulle inn er tilbake;) Og i dag er da i grunn ein fin anledning og;)) Eg og min samboar har vore kjærestar i 14 år:) Som de skjønar er vi ungdomskjærestar!! Og tenk no har vi hus og heim og 3 flotte born;))









Ynskjer alle ein fin kveld:))

søndag 29. august 2010

Draumen om livet på landet....

vart ikkje mindre etter ein dag på open gard på Mo Jordbruksskule:) Ungane har storkosa seg med alle dyra! Storesøster fekk ri, stor stas:)))


















No skal eg ha meg ein joggetur, fint ute idag!
Ha ein fin kveld alle saman:)))

onsdag 25. august 2010

Damenes aften hos Bohus

Denne hausten skal Bohus arrangere Damenes aften rundt omkring i landet i sine varehus. Dei fristar med handling etter stengetid, goodiebags og kjende profilar gjev tips om korleis ein skal gå hausten i møte:) Sjå Bohus sine nettsider for info og påmelding:)))









Trur jammen eg skal ta turen om kalenderen tillet det;))
God kvelden alle vener:)

mandag 23. august 2010

Augusthagen.

Jammensanten vart det fint ver i dag og:) Skulle ikkje tru det når ein såg ut vindauget idag tidleg. Men kjenner at det nærmar seg haust.... temperaturen fell fort når sola går ned. Knipsa litt frå hagen i ettermiddag.... Eg har mykje så blomstrar no frå sist i juli og utover i september:) Rosene er jo flotte no, desverre har alt vatnet øydelagt ein del av dei:(


Her sit Mons på utkikspunktet sitt bak kjempeprestekragane som står på sitt flottaste no.




Synest kvite roser er nydelege!!!!!!!!



Dette er potteroser eg har planta for eit par år sida, i år var dei veldig kraftige og flotte!! Men litt reduserte etter masse regn...




Og ei gul ei og;))



Her ser ein frå terassen mot baksida av huset. Dette bedet mot naboen er fullt av busker med stauder imellom.... Planen er at det skal verte så tett her at eg slepp å luke noko særleg og lite innsyn:)
I morgon skal eg til Selje på jobb, 3 timar kvar veg så det verte ein lang dag! Men har heldigvis eit flott fylke å reise i, så kallar det eit frynsegode, all reisinga;))
God kveld alle saman:))

søndag 22. august 2010

Litt meir kjøkken..




Vi har hatt ein tur i gamlehuset denne helga og:) Fått fiksa litt meir på kjøkkenet, men har rydda mest... Det har vore vanskeleg å flytte seg rundt pga. alt som skulle hivast og som andre skal ha... Køyrde vekk utallige traktorlass:)))))))) Så no har vi hatt vår fyste natt i huset på fleire år (har stått tomt etter at besten vart sjuk..) Må seie det var med blanda kjensler... Veldig rart utan besteforeldra mine der... Veldig feil men og veldig riktig!!! Slik er det jo på ein gard, ein generasjon overtek etter ein anna....
Rundt vasken ser ein godt at filmen på bankeplatene... den skal få vere på til vi er heilt ferdig:)

Som den observante lesar gjerne ser manglar det noko lister, dører og skuffer som fortsatt ikkje er malt, manglande vasskrane og ventilator osv.... Og ikkje minst nytt golv.... må vel bestemme oss snart!
No skal eg rydde huset her heime og elles berre slappe av i drittveret;))
Fin søndag til alle:))




tirsdag 17. august 2010

Guterommet før og etter:

I går viste eg etterbilete av rommet til storebror i gamlehuset. Her er eit litt dårleg før bilete, men ein har ikkje vanskar med å sjå kor trasigt det var!! Skikkeleg ufyseleg 70 -talsstil....




God kveld alle saman, imorgon vert det ein snart tur i gamlehuset igjen:))

mandag 16. august 2010

Så langt kom vi:)

Då var ei helg med mykje arbeid over:) Synest vi fekk gjort mykje. Har fått nye plater og malt to strøk på 3/4 av kjøkkenveggane, nye benkeplater og ny vask, denne er ikkje tilkopla endå:) Taket har og fått to strøk med kvitmaling, ein himmelsk skilnad!!!!!! Herleg med lys;)



Skapdørene er under maling, dei får fargen bomull. Veggane er malte i kvit lin, ein litt kjøleg grå /beige farge. Synest den var veldig fin:) Og ja, lampa skal skiftast, men måtte ha litt arbeidslys:))) Trur vi har bestemt oss for lyse golv.....



Nye benkeplater og vask.


Berre for å minne om før.....




Storebroren sitt rom er og klart, for no:) Vinduet skal skiftast og etterkvart skal han få nytt golv (Han vil helst ha teppet han då), Men heile loftet skal få nye golv så det skal takast alt samtidig seinare.








Nye lampe og skal han få;))) Idag har vi hatt familie selskap og feira 10 års dagen hans:)))



God kveld til alle saman:))

fredag 13. august 2010

God helg;)

God helg alle sammen:) No fer vi til gamlehuset! Kjøkken, og håslått ventar;)) Imorgon verte storebror 10 år og;))) Så blir muligens noko stille her i nokre dagar men har forhåpentlegvis litt å vise etter helga;)))


mandag 9. august 2010

Eit utgangspunkt?

Her e då vårt prosjekt for tida!! Kjøkkenet i gamlehuset. Må berre beklage rotet først, eg var i full gang med å tømme skap og demontere dører då eg kom på at eg måtte jo ta førbilete!!! Så rotete har vel dette kjøkkenet aldri vore;) Huset fekk eit påbygg med kjøkken og vaskerom på slutten av 70 - talet. Då var nok dette kjøkkenet supermoderne;)



Eg skulle så gjerne hatt eit vindu på veggen der ovnen er... men det vert nok ikkje denne gongen. Denne oppussinga har eit lågt budskjett;) Den dagen vi ev. flyttar ut hit permanent kjem vi nok til å ta heile tilbygget!! Det flate taket SKAL få saltak med tida:)





Sjå det flotte golvet;))) Trur nok det må vike no ja;) Eg skal ha bort nokre overskap, resten skal malast i bomull frå Jotun. Veggane skal få fargen kvit lin, trur eg.... Benkeplatene skal skiftast og vi skal ha ny vask og ventilator.


Tok med ein del dører heim, kan jo male dei på kvelden;)) Trur vi treng nye handtak og;)
Ha ein fin dag alle, eg og ungane har ferie denne veka;)))


søndag 8. august 2010

Vakre minner

Eg har vore så heldig at eg har arva masse flotte ting etter mine besteforeldre. Eg og tantene mine jobbar med å pakke saman i gamlehuset og den eine etter den andre skatten dukkar opp. Spessielt å få ting frå gamlehuset inne hit:) Blir liksom litt feil plass, men dei tar seg utvilsom godt ut her og:) Nokon av dei skal nok utatt når vi e ferdige med kjøkkenet.



Fire flott krukker, og 5 små oppå ventilatoren. Nokre flotte skåler i krystall.


Dette flotte serviset fekk dei til bryllaupet sitt i 1955. Her er 2 sausenebb, terrin, 5 serveringsfat, 2 potetskåler, 4 små fat, skåler til 12 i to ulike størrelsar tilsammen altså 24 og middagstallerkar til 12.



Alt her er arv utan muggen til høgre oppe og den heilt til venstre nede, begge frå IB Laursen og den rosa frå Miljøgården.

Ha ein fin søndag alle saman:)

søndag 1. august 2010

Fram og tilbake.....

Av og til skulle eg ønske at eg hadde ein "stil" som eg likar.... Likar så masse ulike ting og stilar at eg vert heilt forvirra!!!!! Eg prøver å finne ein middelveg der eg kombinerer ulike stilar til noko eg likar men så les eg eit nytt blad, bok eller bogg og får ispirasjon til noko heilt anna!!!! Fleire som lir av denne sykja??? No har eg to hus å boltre meg i.... og har for såvidt bestemt meg for at dei ikke nødvendigvis treng ha likt uttrykk, me kva hus skal ha kva uttrykk? Nokon som trur eg byrjar bli gal? Eg lurer litt sjølv og;))) Her er litt frå mi inspirasjonsmappe, litt frå Finn.no, Maison Interiør og Kvenum.... Enjoy and go mad;)))














Go klem til alle som stikke innom;)))


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails