søndag 31. oktober 2010

Halloween?

Vi feirar ikkje halloween... synest det er nok at ungane går julebukk og karneval i februar!! Men eg kjøpte nokre gresskar tidlegare i haust som eg har pynta med:)) Meir halloween verte det nok ikkje hos oss;)







No skal eg nyte det som er igjen av helga;) Har nemleg rydda heile huset og for første gong på lenge kan eg sette meg ned ein søndagskveld og vite at heile huset er ryddigt!! LYKKE:)
Go klem til alle som stikke innom:)


lørdag 30. oktober 2010

Husteikningar...

Nokon broderer , syr, lagar kort og strikkar!! Eg teiknar... hus, møblar og hageskisser:) Må understreke at dette er heilt på amatør nivå;) Nokon ville vel meine at dette er ein snål hobby og dei har gjerne rett:) Eg kosar meg når ideane dett ned i hovudet og kan sitte lenge og streke og viske og streke på nytt. Eg vurderte faktisk å bli arkitekt for har dreve med dette sidan eg gjekk på vidaregåande!! Men eg studerte realfag istaden;)) Har angra no og då. MEN: det er ikkje sikkert at det hadde vore like moro om det var jobb;)



God helg alle saman, no må eg finne lørdagsgodt til to trippande jenter;)

torsdag 28. oktober 2010

Haustkos i stua

Eg er kjempe nøgd med dei nye lampane mine!! Litt kontrastar gjere seg no på hausten. Stua er dekorert med litt djupare og lunare fargar, treverk og tepper!! Med fyr i peisen og noko godt i glaset skal helga nytast:) Berre ein dag igjen!!

Lampeføtene har eg kjøpt på Bohus. Dei små lyktene hos Kremmerhuset. Rammene er snart 10 år!!! Og heilt "in":) Dei kjøpte eg på ein sånn altmuligbutikk på Straume på Sotra.

Fiskebeinsputa er frå Villa collection, kjøpt på To Damer Interiør i Stryn. Sukkerkoppen er arv etter besta og kaffikoppane er Grey pearl frå Villeroy og Boch. Brettet trur eg kjøpte på Nille ein gong;)





Pynten på bordet er frå Bohus, Kid, Kremmerhuset og Tilbords.
Vi skal ete fårikål hos mamma idag!! Det blir godt;))

onsdag 27. oktober 2010

Kor mange lampar treng ein eigentleg??

Det er spørsmålet eg ventar meg når mannen kjem heim;)))) MEN: kunne ikkje gå forbi!! 149kr!!! Men ein annan skjerm vel og merke... lys beige... passa ikkje hos meg, så dei har fått "låne" desse svarte. No skal eg legge meg.. meir imorgon;)


God natt;))

torsdag 21. oktober 2010

Kong Vinter...

er komen til oss!!! Han var ikkje velkommen så tidleg spør du meg!!! Likar ikkje å klage men å måke 20 - 30 cm nysnø 21. oktober er ikkje noko eg gjere med glede:(( For JA det kom mykje meir etter dette bilete var teke... Medan eg var på jobb kom det jo ein del nede i sentrum.... men det var ingenting mot her oppe i lia hos oss!!!! Vel er vi vande med mykje ver på Vestlandet men det får no vere grenser....puh!!!!!! Så har eg fått ut det og;))


No har eg krølla beina godt opp i sofaen og det knitrar i peisen, for det er kos når veret ute er ufyseleg;) Håpar du og kosar deg:)) Klem

søndag 17. oktober 2010

Svart eller kvitt??

Denne gamle sjenken har nok sett sine beste år.... Dører og skuffer heng ikkje ihop lenger!! Lure på å kjøpe framskap i staden.. Kva trur de? Så va det farge og då... kvitt eller svart?? Eg hallar nok litt mor kvitt, redd eit stort svart skap kan bli noko tungt på endeveggen her...




Desse to skapa frå Living er midt i blinken, det kvite med skyvedører er i grunn perfekt!! Sofaen står ganske nær så skyvedører er nok perfekt!!
Go dag til alle;)


lørdag 16. oktober 2010

Barbiekake og barneselskap...

I går hadde vi ikkje mindre enn 16 ungar på besøk her!! Storesøster hadde barneselskap:)) Har lenge tenkt å prøve å lage ei Barbiekake og i går fekk eg tid til det:) Tja... Heilt vellukka vart den kanskje ikkje, men uttrykket til prinsessa då eg tok den ut av kjøleskapet var vert alt strevet og frustrasjon over sukkermassen som vart uformeleg og at skjørtet datt ihop!! God var ho og om eg så skal seie det sjølv;))



Barnebursdagar og papptallerkar er genialt!! Hadde kjøpt fine rosa med polkadottar frå Rice og skjønne prinsesse serviettar frå Sia. Brukte vanlege glas, har eitt mindre i dag;))) Duken er av papir, kosleg å legge fargestiftar utover så kan ungane dekorere duken etterkvart:))


Ha ein fin lørdag alle saman:))


onsdag 13. oktober 2010

Suvenir frå Budapest.

For litt sidan var eg i Ungarn ei veke på jobb. Vi la til ein ekstra dag for å sjå Budapest:) Ein fantastisk flott by!!! Måtte jo ha ein suvenir;) Fann desse flotte fotoa, no har dei fått ramme og er komne på veggen:) Er veldig glad i svart/kvitt foto, ser det blir stadig fleire av dei i heimen her;))






Eg ser på vg-tv ikveld, så mange rørande gjenforeningar!!! Chile!!!!


Ha ein fin kveld :))))

lørdag 9. oktober 2010

Tilbake....

Jau då, om nokon skulle lure så er eg her;)) Omsider... Har vore på reis dei siste vekene!! Masse jobb! Oslo, Bergen, Ungarn og ein tur ut i havet:) Mykje spennande, veldig glad i jobben min, men no skal det bli godt å vere heime litt!!! Lovde meir frå Skjerjehamn.... Her er eit knippe bilete frå denne flotte staden:


Mange hugsar nok denne, statuen av kong Olav 5 som Oslo ikkje ville ha.... Her står den!! Flott synest eg, der han helsar alle båtane som fer forbi.



Den nydeleg villaen vi budde i.

Mange flotte skulpturar!







Den gamle landhandelen som fortsatt er inntakt!



K jøkkent i villaen.. Kosleg!



Her er mitt rom, sov godt her:)
No må eg spring!!! Hade så lenge:)





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails