torsdag 14. juli 2011

Kjøkkenet vårt i kveld.

Litt etter litt kjem vi meir i orden. Slik ser kjøkkenet vårt ut i kveld... I går var vi avgårde å kjøpte nytt kjøkkenbord med 4 stolar:) Over bordet heng ein lampe frå Ikea, i utgangspunktet var den midlertidig, men synest igrunn den passar!?





Elles er planen å reise på ferie på lørdag, med vannkoppar har inntatt huset!! Ikkje kjekt i det heile tatt...

Minner om min giveaway, trykk her!

Ha ein fin sommarkveld:)

onsdag 13. juli 2011

"Oppussing" av vegen...

Endeleg har vi fått litt finver!! Litt kaldt men vi skal IKKJE klage no:) Etter jobb har vi vore ute i heile ettermiddag/kveld. Vi har grilla, klipt plan, ungane har leika seg og vi har fiksa på vegen opp til huset. Det trengdes:)




Berre 3 dagar att til 4 veker ferie!! Det skal jammen bli godt:) Eine jenta vår har fått vannkoppar, men utanom kløe er ho ikkje dårleg i det heile!! Reknar med minstejenta får det og då... Det ein kallar særdeles dårleg timing!!!! Lørdag reise vi nemleg på campingferie med vår nye campingvogn:) Første stopp er Langedrag!!

Ha ein god natt:)

fredag 8. juli 2011

Giveaway


Her for litt sidan passerte bloggen min 20 000 besøkande!! Eg lova ei lita feiring av dette:) Premien er framleis litt hemmeleg;) Reglane er som fyljande:


Hyggeleg kommentar: 1 lodd

Link til min blogg: 1 lodd

Følgarar: 1 lodd


Altså ein kan få tilsaman 3 lodd:)


Eg vil takke alle saman som har vore innom meg for besøket og spessielt dei som har lagt igjen koslege kommentarar! Det er ein fryd å vere ein del av Bloggverda:)

mandag 4. juli 2011

Budeie...

Berre 4 dagar til vi flyttar ut i gamlehuset for godt:) Vi har fortsatt VELDIG mykje igjen før vi nærmar oss ferdige! Vi får ta litt og litt, blir no enklare når vi er der heile tida. Eg er jo utom på jobb kvar dag, denne veka er eg og budeie;) Altså pendling, jobb og fjøs. Men e kosleg å gå i fjøsen då, å kneke litt med småkalvane! Idag på veg til jobb følte eg verkeleg at eg var på veg ut på landet. I vegbana traff eg hest, kyr, sau, geit og hjort! ikkje på same plassen såklart;)


Nokre ting e på plass, anna maglar, lister til dømes;)

Tusen takk for alle koslege kommentarar og besøk, ser mange er innom sjølv om aktiviteten her frå mi side har vore heller låg i det siste. Kjem sterkare tilbake;)) Klem til alle saman!

fredag 1. juli 2011

Eit kapittel avslutta, eit anna startar...

I dag har vi overlevert huset vårt til ny eigar! Veldig rart, ligg mykje arbeid bak og ikkje minst minner... MEN dei tar vi med oss og startar på nytt liv ute på landet, på min heimgard. Dette blir veldig spennande, eg har ikkje budd der sidan eg var 17 og det begynne jo å bli litt tid sidan;)

Dei siste dagane har vi budd i mamma sitt hus som har reist til varmare strøk. I morgon reise vi ut til det vi no må kalle heim;) Neste veke skal vi og vere her, siste veka til ungane i barnehage og før mannen startar på ferie, då reiser vi for godt!! Kjem jo innatt på besøk til byen då;)

God helg alle saman!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails