søndag 19. februar 2012

Fastelavenssøndag

God fastelaven til alle! Her står bollane til heving, har prøvd Anine i Villa von Krogh si oppskrift, vi har vore ute og aka og gått på ski, huset er RYDDIG(!!!) og no sit vi i sofaen og skal sjå Alfa og Omega. Ute har det vore flott idag! I går såg det ut som våren var her, idag vakna vi til ein nydeleg vinterver men sol ,snø og drypp frå taket. Sør om fjorden har det vore tjukke skyer og det har vore eit fanastisk lys og skue på himmelen.







Eg skal jobbe nokre dagar denne veka og så litt fri.... vi må spare fridagane til påska, då skal vi til Helgeland i barnedåp.

Ha ein fin dag alle saman.

torsdag 16. februar 2012

Eit sikkert vårteikn...



Våren nærmar seg definitivt:)

Her er det travelt, kjem sterkare tilbake ;)

lørdag 11. februar 2012

4 generasjonar jenter skal kose seg!

Her går det i rydding etter ei travel veke. Det begynne så smått og sjå ut som det er folk som bur her!! Idag kjem mamma ein tur, tenke det blir litt morsdagsfeiring saman med ho og mormor på førskot i ettermiddag. No skal eg hoppe i dusjen og så til sentrum og handle litt blomster til heimen, det må til:)






Gratulere med dagen til alle mammaane imorgon:)

torsdag 9. februar 2012

Kjede seg?? neppe..

tida flyge avgårde og er full av gjeremål og ktivitetar:) snart er helga her igjen! Mannen har vore på jobbreise i veka men komen heim no. Han og storebror er på storslalomtrening. Når dei kjem heim er det fjøsstell på meg, og slik går dagane;) Eg og mellomstejenta er begynt på rideskule, det er kjempekjekt! Eg dreiv mykje med hest i ungdomsåra og fram til eg fekk nr. 2 så kjekt å begynne igjen. Kanskje snart jentedrømmen om eigen hest ikkje er så langt unna??!






Ynskjer alle ein fin kveld:)

mandag 6. februar 2012

Garderobe med innhald.

Jammen er det flott med eige garderoberom!! Vi må nok ha oss ein tur for å fylle opp med meir innreiing (og kleshengarar i same sorten) men det funkar alikevel!







Her har vi hatt ei slapp helg med ski, god mat og selskap:) No er mannen reist på jobbreis og det er alltid like kjedleg, søv så gysleg dårleg når eg er åleine... Gamal vane vond å vende veit de;) er tross alt på 16ande året;)I kveld skal eg ha med meg reprisen av Utan grenser, sjølv om det er seint!! Fekk ikkje sett det igår... Eg er så imponert av pågangsmotet. Vi har definitivt noko å lære alle saman.

Ha ein fin kveld:)

lørdag 4. februar 2012

På besøk:)

Søskenbarnet til mannen flytta heim til bygda for nokre år sidan. No er snart den store husdraumen ferdig. Og ein draum av eit hus er det. Det kjem til å bli veldig fint! Idag fekk eg lov å ta litt bilete. Dei var med mobilen så kvaliteten og lyset er så som så...





Eg synest fargen på utsida er så flott! Idag la eg merke til dei kvitmalte kistene, synest det var lurt, det verka så mykje lettare då.




Her er frå stua, masse store vindauge og dagslys inn, og ikkje minst ei fantastisk utsikt utanfor.



Her kjem kjøkkenet. Det er opa løysing mellom stue og kjøkken, berre ein vegg imellom. Romma er store og luftige.



På endeveggen i stua har dei hengt opp ein flott tapet med mønster i skimmer. Desverre kom den ikkje så godt fram på bilete. Langveggen har dei malt i ein gråfarge som vart mest lilla då den kom på veggen.. Så idag bestemmte seg for å istaden malen den i Jotun pure colour, kvit lin etter tips frå meg:) Får verkeleg håpe det vert fint då, så dei slepp meir ekstra arbeid!



Her skal eldste guten bu, denne tapeten var berre så kul!!!



Den andre broren har fått sjølvlysande dinosaurar!!



Stort flott vindu i loftstua og open himling.



Her er frå badet, open himling her og! Elskar stor takhøgde eg altså!!



Her skal lillebror i magen bu;)



Og sist men ikkje minst, UTSIKTA!! Bygdas finaste:)

Ha ein fin lørdagskveld alle saman!

onsdag 1. februar 2012

Vår.. inne enn så lenge.

Litt vår inne gjere seg. Ute har det vore nydeleg i det siste:) Men temperaturen fortel at det er litt fram til våren endå!






Ha ein fin dag alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails