Då har vi berre ein liten snøflekk igjen i hagen... JIPPI!! Har tatt litt bilete av ein nok så livlaus hage frå altanen bak huset. Her har vi ein liten hageflekk der eg har planta ein japanskhengekirsebær. Hekken er kjedleg tuja, men her skulle det gå fort, noko vart kjøpt med naboen og alle var einige om at vi skulle ha masse, den skulle vere vintergrønn for å hindre innsyn (bur på toppen av feltet, masse bilar oppe og ser og snur:)) og vekse fort!!! Svaret vart ikkje uventa: Tuja. Innmot veggen har eg eit bedd med halv skugge. Har har eg ulike typar hosta og bronseblad, kattemynte, beinved, skogsjegg, iris og ulike typar vintergrønt. Det ser riktigt så dødt ut no men står frodigt om sommaren.

Alle kantar hos oss er i naturstein. Eg likar det best!! Vi hadde mykje og ta av på tomten og, så kvifor betale i dyre dommar for noko ein kan få gratis;)

Denne lille gangvegen går til vaskerommet og til hagen på framsida, legg merke til "stabbesteinane" på enden både her og ved innkøyrselen.

Stemorsblomster er obligatorisk!!