søndag 29. januar 2012

Ein deilig dag...

I skrivande stund ser det slik ut her hos oss!! Dagane er blitt lenger.. heldigvis!



Det har vore ei fantastisk fin helg her vest. Det gjorde godt etter uvær på uvær. Her ved kysten har vi hatt lite snø i år.. det er uvandt for oss som har hatt i overkant mykje dei siste åra i forje hus. Men denne helga har det ikkje gjort så mykje. Eg har saga på busker og bringebærkratt, raka i bakkane og beundra alle snøklokkene som er på full fart fram i solhellinga. Eg starta dagen med ein tur på åsen med utsikt over stille hav. Så hagearbeid avslutta med bål og grillinga av pølser og pinnebrød i hagen. Kven har sagt ein må dra langt til fjells?!




Desse helgane går så altfor fort... I morgon er det jobb igjen og Oslotur på tirsdag og onsdag. No skal eg lage middag og nyte resten av kvelden.

Ha ein fin dag vidare

søndag 22. januar 2012

Garderobe...

Eg malar det som skal bli garderobe. Valget fall på Pure colour frå Jotun i fargen Sober. Synest mørke fargar gjev ei kjensle av lux ;) Og det kan ein jo trenge på morgonkvisten:)





Ha ein fortsatt nydeleg søndag alle saman:)

tirsdag 17. januar 2012

Hugsar du dette?

Vårt mindre pene soverom.. Eg har litt tankar om kva eg kunne tenke meg og gjere.. det vil seie eg har fleire idear! Problemet er å bestemme seg for kva ide ein går for og halde seg til den.




Og i kva ende av fargeskalaen landar vi?




Ha ein fin dag:)

mandag 16. januar 2012

Nye planar..

Jentene hadde før rom nede, to små med buegang mellom. Etter at dei fekk rom oppe (små desse og!!) har dei behaldt det eine nede til leikerom og eg har hatt det andre som kontor og garderobe til jentene. No har vi flytta det meste av leikane opp, dei føretrekke og leike der no. Det innerste rommet har eg tenkt og lage garderoberom av!! Så lei av å stadig måtte ta med eit lassa av klede frå badet( som ligg i 1.etg.)som ingen gidd bere opp!! Skal bli herleg å ha alle klede nede:)

Storesøster har fått meir hyller til bøker og alt "dillet" sitt! Eg klør i fingrane etter og få gjort noko med soverommet vårt og...





No bygge dei hus rundt oss på alle kantar, tydleg eit generasjonsskifte i grenda! Eg og vil...... Vi treng MEIR plass!!!

Ha ein fin kveld:)

lørdag 14. januar 2012

Helgesyslar...

Endeleg helg!! Vi har besøk av bror min og ungane.. kosleg:) Vi starta dagen i fjøsen, det er kjekt synest dei, likar å hjelpe til! Elles går lørdagane ofte med på å rydde, vaske, støvsuge og vaske alle dei kleda tida ikkje strekke til i vekene til... Reknar med andre og kjenner seg att:)

Lillesøster sitt rom, reint og rydding( vil tru det vare kun ei kort stund, sånn omtrent til ungane kjem innatt;))






Ha ein fortsatt fin helg alle saman!

onsdag 11. januar 2012

Trappeprosjektet...

går på framover.. Litt får vi gjort i ein travel kvardag!! 3 trinn og rekkverket (det svarte) gjenstår. Vi (les: mannen) har sparkla, så pussa og malt! Så pussa igjen og endå eit strøk. Fargen er bomull og amlinga er 3 stjerner.

Tidsklemma har verkeleg meldt seg hos oss no etter jul, to pendlarar mange fritidsaktivitetar for ungane og fjøsstell... kjenner det er litt i overkant!! Håpar å få "roa" ned litt etter kvart.

Resultatet blir bra:



Her er utgangspunktet:




Ha ein fin kveld alle saman:)

søndag 1. januar 2012

Året som var i bilde

2011 var i stor grad mykje før og etter for oss. Vi flytta til gamlehuset på heimgarden min i slutten av juni. Vi selde derfor huset vi bygd for 5 år sidan, vemodig og veldig kjekt på same tid. Eg føle i grunn at ringen er slutt no når eg er komen heim:) No gjenstår det berre å sjå om vi får kvardagen til å gå opp med to pendlarar i full jobb, fjøsstell og 3 barn med fritidsaktivitetar. Vi har eit prøve år fram til sommaren, men håpar av heile mitt hjerte at vi framleis kan bu her på garden: Livet på landet er nemleg hærlegt!!







Tusen takk til alle mine lesarar og til dykk som legg igjen så mange flotte kommentarar de er berre fantastiske! Stor klem:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails