2011 var i stor grad mykje før og etter for oss. Vi flytta til gamlehuset på heimgarden min i slutten av juni. Vi selde derfor huset vi bygd for 5 år sidan, vemodig og veldig kjekt på same tid. Eg føle i grunn at ringen er slutt no når eg er komen heim:) No gjenstår det berre å sjå om vi får kvardagen til å gå opp med to pendlarar i full jobb, fjøsstell og 3 barn med fritidsaktivitetar. Vi har eit prøve år fram til sommaren, men håpar av heile mitt hjerte at vi framleis kan bu her på garden: Livet på landet er nemleg hærlegt!!
Tusen takk til alle mine lesarar og til dykk som legg igjen så mange flotte kommentarar de er berre fantastiske! Stor klem:)
Godt nytt år - og tusen takk for inspirasjon og glede du gjev gjennom bloggen din! Gledar meg til kvart nytt innlegg. Kikkar på bileta øvst på sida di, og lurer på kva farge du har brukt på veggen der du har ein kvit komode med ein svart lampe??? Eg pussar opp eit hus frå 1840 og er på jakt etter gode jordfargar. Håpar du kan hjelpe?
SvarSlettBeste helsing Siri
(siri.oen@online.no)
Hei hei og tusen takk for fine ord:)På begge stuene ha vi lagt tapet. Den du spør etter har eg diverre ikkje namnet på, men den ville eg ikkje råde nokon til å legge den, forferdeleg vanskeleg, blei skikkeleg irritert undervegs;)Fargen er ikkje heilt ulik den som heiter varm lin, berre litt varmare!
SvarSlettHåpar det var litt hjelp?!
Klem frå Ann
Tusen takk :)) Då lyt eg kikke på varm lin - kjempe vanskeleg dette med fargar og tapetar, har streva lenge no, men kjem vel i hamn til slutt. Nok ein gong - takk for super blogg - du er jammen flink!
SvarSlettGlade helsingar frå Siri
Hei!
SvarSlettSå masse flotte bilder!
God helg til deg!