tirsdag 31. mai 2011

Gleda meg:)

I dag har bestilt denne til tv-stua!! Gler meg for å få den på plass :)

Ha ein fin kveld alle saman:)

mandag 30. mai 2011

Ein ny heim tar form...

Her går det i eitt!!! Ting startar å ta form, det gjer godt:) Vi har ikkje lange tida igjen før vi skal flytte, 1 mnd!!!! Derfor må vi begynne å ta med oss ting og tang utover. Kjøkkenet har blitt fylt opp og meir heimekosleg, tv-stua har fått gulv, og trappa har fått malt rekkverk:)





Før og etter:) Klar forbetring vil eg seie!! Så kjenstår trinna... lure på kva vi skal finne på der....



Nytt, men støvete gulv...



Dei gamle flotte syrinane står i full blomstring no!!



Ein kosleg kjøkkenkrok:) Tallerkenhylla har flytta ut i gamlehuset:)

No skal sofaen på tvstua demonterast og hivast på hengar. Ha ein fin kveld alle saman!!

tirsdag 24. mai 2011

Neste rom ut...

Dette soverommet skal vi ha. No er det lagringsplass for alle gamle bilete og maleri;) Dette rommet har mange gamle detaljar, sjå berre det flotte listverket!!







Og ja, vi skal skifte vindu;) Ventar på snekkaren....


Eg måtte snu på veg til jobb idag, vegen var stengt på grunn av jord og steinras!! Ikkje den kjekkaste vegen å pendle på dette!!! Iallefall ikkje i slikt ver som dette, men det må no snu snart!!??


Ha ein fin dag alle saman:)





mandag 23. mai 2011

Ka har vi gjort??

Jau, vi har fjerna denne store svære klumpen!! Kosleg med peis?? Jau det er det, men ikkje når den tar halve stua og masse lys, istaden for å sjå dei som sit i stua og vindua når ein kom inn døra såg ein ratt i denne kolossen!!

Desverre var det ikkje heil mur bakom, så her må vi gjere noko. Anten mure igjen heile holet eller ta vekk meir stein og mure inn ny peis delvis inn i veggen. Det er lekamur bakom teglsteinen!! Då gjenstår det berre å bere ut monsteret;))






Vi skal forhøyre oss med ein lokal meget dyktig murar, han har sikkert mange tips:))






Ha ein kjekk kveld alle saman:)



søndag 22. mai 2011

Det går frammover...

heldigvis..... tv-stua nærmar seg ferdig. legging av golv og ferdig listing gjenstår. Då vi skulle opne pakken med listverk idag fekk vi oss ei heller kjedleg overrasking: Vi har fått feil lister!!! Så irriterandes, vis som har køyrt dei på hengar dei 6 mila ut dit!! Skal iallefall sjekke kva som er inne i plasten neste gong vi handlar.




På veggane har vi lagt tapet. Langs gulvet skal vi ha slike breie "jukselister" som på kjøkkenet;) Det vil seie den er sett saman av fleire lister og eit felt på veggen i same fargen.



Eg har lagt ein del tapet i mi tid, men denne tar kaka!!!! Fy for ein dritt tapet, ikkje rart den var på restesal!!! Den utvidar seg, krympar og drar seg om kvarandre.... Jammen glad eg skal ha ein anna på den andre stua!!


Men trur det skal bli fint:)



Eg har vel tidlegare uttrykt mi moderate begeistring for desse store 70-tals gluggane på eit elles så fint sveitserhus... men skal eg vere ærleg, så er det jammen deilig innanfrå med så store vindu. Ein får inn masse lys og heile hagen:))







Idag har vi og gjort noko svært så drastisk, heng med å de får sjå;)) God kveld til alle!! No skal eg krølle meg saman i fanget til mannen og sløve før eg tar natta;))


Har forresten runda 20 000 besøkande!!!! Tusen takk, feiring kjem:))

torsdag 19. mai 2011

Dubai

Då er vi komen heim frå ein fantastisk tur til Dubai!! For ein fantastisk stad altså:) Vi har levd i luksus frå ende til annan i 8 dagar. Utruleg hyggelege folk og ein service vi aldri har opplevd makan til. Deiligt, men er godt å komme tilbake til normalen.


Vi budde på to ulike hotell, her er bilete frå det siste: Det låg framfor alle skyskraparane ved stranda. Herleg stor hage med fleire basseng og eiga strand.







Nest siste kveld var vi å spiste kanapear på Burj Al Arab, kanskje meir kjent som seglet. Det var rett å slett sjukt!!! Gull og glitter over alt, og då snakkar vi ekte gull!!!



"Taxiane" stod klare utanfor! V vart henta av 10 limosinar!!!! Stort reisefølge:)


Her er Burj Al Arab frå sjøen.



Vi hadde ein flott dag til sjøs.


Her er Hotell Atlantis, der spiste vi lunsj ein dag. Flott hotell med eiga strand, akvarium og badeland. Nokre i reisefylje var ute ein dag å svømte med delfinar!!


Her er ifrå "nye" Dubai. Flotte nye bygg inspirert av gamal arkitektur.
Ein kosleg uterestaurant.


Ein tur opp i verdas høgste hus, Burj Khalifa, som er 828 m høgt. Altså MYKJE høgare enn alle dei andre som og var høge!!



No e det berre å samle krefter til helga, OPPUSSING!!!


Ha ein fin kveld alle saman:)

mandag 2. mai 2011

På ønskelista...

No begynner det jammen å nærme seg flytting, innan 1.juli skal vi vere ute herifrå!!! Og ikkje minst vere ferdige med det nødvendige i gamlehuset!!!! Denne helga vart eg nesten ferdig med tv-stua (den som er begynt på her). Men bilete gløymde eg å ta i farten, returen vart noko før vi hadde tenkt grunna sjukdom, igjen:( Alle er på betringens veg no iallefall.



Over vindua i begge stuene har det vore gardinbrett med lysrør bak. Dei er SJØLVSAGT borte, vi skal henge opp nokre spotskinner her, sidan vi ikkje tar igjen taket. I TV-stua held eg på å bearbeide mannen litevetta! Eg har så lyst på ei svart lysekrona ala denne frå Ellos. Den blir hengande midt i rommet, de kan sjå uttaket på bilete over... Rommet får mørk beige veggar og litt tunge gardiner (vurderer faktisk skinne i taket:)) Dette er jo mannens rom;)

Sen andre stua får denne tapeten på veggen mot tv-stua og heilt lyse dei andre veggane.

Her ser det litt eksperimentering;) Gardina hengande i døra, hehe!! Må jo sjå om alt passar saman!!!

Denne lampen kjøpte eg på restesalg for 50 kr. for ei tid tilbake, den skal og henge i den stua.


I gangen klarar eg ikkje heilt å bestemme meg... Den som heng der gjer for dårleg lys, gult glas... Her nærmast trur eg det verte spotskinne igjen, rommet vender mot nord og bakken bak huset så her trengs lys!


I ytterste gangen tenkte eg kanskje noko liknande desse??


Denne krona har eg såååå lyst på til kjøkkenet!!! Må ha, berre må ha;)

Her telle vi ned, 5 dagar til avreise Dubai:)

God kveld alle saman!


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails