torsdag 29. mars 2012

Påskepynta hus

Her i huset pyntar vi ikkje så mykje til påske, men det vi pyntar med er i stor grad laga av ungane og figurar eg har fått heimanifrå. Påska er liksom ungane si høgtid her i huset! Idag har vi baka gule muffinsar som dei kosar seg med.

Imorgon når ungane er ferdig på skulen, tar vi fatt på den lange vegen til Himmelbålandet:) Søndag skal yngstejenta i familien døypast. Vi gler oss til å treffe familien der nord!!




Påskeliljer frå hagen, dette er ein "gamal" sort som har vore her i fleire generasjonar.





Ha ein fin kveld alle saman:)

søndag 25. mars 2012

Hagehelg.

For ei herleg helg!!! Broren og ungane har vore her og vi har jobba ute heile helga! Og vi har hatt SOL og fine teperaturar:) Ein skikkeleg smak av vår. Vi held på med alle veden etter Dagmar og hekken vi tok i fjor( høyres jo snodigt ut, men stammane var tjukke som tømmer). Har mykje anna eg kunne tenke meg å starte på og, men får vel halde oss til ved og kratt til vi er ferdig. Legge ved eit bilete av påskeliljene våre som snart begynne å blomstre. Lovar å legge ut bilete når alle blomstrar, vi har nemleg vanvittig med både påske - og pinseliljer:)




Ha ein fin kveld:)

onsdag 21. mars 2012

Hos lillesøster....

Lillesøster sitt rom blir sannsynlegvis det første rommet som vert totalrenovert... Når vi flytta inn tok vi ei rask overflateoppussing slik at det går an å bu her og trivast. Lillesøster har kvitmalte veggar, ugletapet frå Ferm Living og teppefliser. Grunna ein lekasje i taket over hennar rom, ser det ut til at vi startar der.. Alt skal bytast,golv, veggar ,tak og eletrisk.








Imorgon skal eg til Bergen på jobb, håpar og får tid til ein liten kikkerunde før eg skal heim fredag:) Ha ein fin dag alle:)

søndag 18. mars 2012

Norefjellhytta

I den siste utgåva av Vakre Hjem er det ein flott reportasje frå Norefjellhytta. Det er sant... det er ein fantastisk plass! Eg og mannen var der forje helg, utan barn. Ein sånn ein plass å ha kjærestehelg! Nydeleg plass, himmelsk mat, hyggeleg bevertning og attpåtil sol!! Eg har plukka opp tipset om Norefjellhytta frå Veronica i Tomines hjem. Tusen takk for tipset:)


Eg lar bileta tale for seg, men beklagar dårlege mobilbilete(klarte selfølgeleg å reise utan minnekort i kameraet)














søndag 4. mars 2012

Tid....

Jammen er det deiligt med helg. Denne helg har vi berre vore heime og nytt det fine veret. Minstejenta fekk sykkel, og klart den har vore flittig brukt!




No skal vi ha oss ein tur ut, s[ skal eg finne fram malingspann, litt mindre prosjekt i gang!

Ha ein fin dag!

fredag 2. mars 2012

Stått opp frå dei daude???

Det kjennes iallefall litt sånn... Har for første gong på veldig mange år hatt influensa... blæææ!! Vanlegvis går eg klar... denne gongen var det berre meg. Og da skal vi vel vere glad for, kvardagen fungerer dårleg utan ei mor i huset! Framleis litt slapp og vondt i halsen og brystkassen...

Elles har vi hatt ei blaut veke, som heldigvis vart avslutta med ein aldeles nydeleg vår dag i dag. Skulen har vore innanfor på skidag idag, snakk om å vere heldige med veret! Eit lite skår i gleda var at vi oppdaga ein lekasje i taket på lillesøster sitt rom no i veka... Men det er vel desverre sånt ein må rekne med i gamalt hus..

Vi er begynt å drøyme om korleis vi skal ha det her etterkvart... ja for vi hellar nok mot å bli buande her på landet!! Rett nok er det travelt med så lang veg til jobb, men både vi og ungane stortrivast. Ikkje berre fordi her er fritt og vakkert men og fordi her er så utruleg mykje kjekke folk som har tatt imot oss med opne armar. Ein hjartevarme ein etter mi erfaring ikkje finn i litt meir urbane strøk. Folk har tid til kvarandre og bryr seg oppriktig om kvarandre:)









Ynskjer alle ei fin helg! Eg ventar på mannen som er å spelar fotballkamp, så ber det til naboen i bursdagkalas:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails