torsdag 23. september 2010

Ein heilt spesiell plass..

Då er eg kome heim igjen etter 2 flotte dagar på Skjærjehamn. Og for ei oppleving, nydelege omgjevnadarog mat. Vi har budd i denne gamle sveitservillaen som er nyoppussa:) Håpar å fortelje meir imorgon, då er mannen komen heim med pcèn som fungerer!! Denne lastar opp maks eit bilete om gangen(då er ein heldig) og ein må trykke så hardt på tastane får å fram noko i det heile...

Go natt alle;)

lørdag 18. september 2010

Eit kupp!!

Joda... her e liv;) Berre veldig travelt for tida så det har blitt lite tid til blogging. Desverre er kalenderen stappfull framover ei stund til... Men mykje moro;) Skal blandt anna ei veke til Ungarn på konferanse:) Det blir spennande, men litt rart og... Har aldri vore vekke frå ungane så lenge!! Mannen er noko skeptisk til korleis dei skal klare seg ei veke på eiga hand;) Eg gler meg til masse fagleg påfyll, kultur og matopplevelsar og 2 dagar shopping i Budapest;))))))

Må vise eit kupp frå i går.. Var på ryddesal: Kjøpte to sånne for ein veldig billig penge;) Veit ikkje heilt kor dei skal stå (!) men på sikt skal dei står i stua i gamlehuset. Når vi har fiksa stua der vel og merke.. Kjøpte og eit salongbord, va litt større enn eg hadde tenkt når eg fekk det heim, så det havnar nok i gamlehuset det og;)



Ha ei fortsatt fin helg:)

onsdag 15. september 2010

Inspirasjon

Då var fruen heime igjen.. enn så lenge;) Desverre vart det ikkje tid til noko shopping... Tenk å reise til Oslo og ikkje ha vore innom ein einaste butikk!!! Ja, ja var jo jobbreise då... Mandag kveld var vi på fjordcruise i indre Oslofjord. Masse flotte hytter og hus og sjå:)

For min del er Finn.no ei utømmeleg kjelde til inspirasjon. Jammen finns det mange flotte heimar der ute:) Her er eit lite knippe:))



















Ynskjer alle ein fin onsdagskveld:))

søndag 12. september 2010

Tidleg ein søndagsmorgon...

I dag starta vi dagen med ein god frukost så rydda eg hus og så feira vi 2 åringen litt til:)) Helgas blomar vart mørkelilla gladiolar, nydelege!!




No skal eg pakke litt, skal til Oslo på jobb imorgon:) Heim tirsdag...
Ha ein flott kveld alle saman!

fredag 10. september 2010

2 årsdag og meir haust på trappa....

I dag har vi feira 2 årsdag:)) Masse gode kaker og fine gåver. Av oss fekk lillesøster dukkevogn, veldig populært:))) Har dilla litt meir på trappa i dag...















Ynskjer alle ei fin helg:))



lørdag 4. september 2010

Nydlege haustdagar..

her i vest:) Den travle kvardagen er så definitivt tilbake... Full jobb, ungar som skal gjere lekser og på div. fritidsaktivitetar kvar ettermiddag, eit berg av skittentøy som aldri vert mindre, konstant full oppvaksemaskin, ein hall der det flyt av joggesko, fotballsko og støvlar, gymsekkar, skulesekkar og drittsekkar(neida:)) Rima berre så fint) Katten dreg mat utover heile kjøkken golvet, ein hund som produserar hybelkaniner i rekordfart... Har ikkje sjanse å halde huset presentabelt!! Phuuu........ Kanskje andre som har det slik og?? Derfor vert det bilete ute idag;))) Vi har hatt nokre nydelege dagar no og dei seier vi skal få fleire;)








Berre sjå og ikkje røre... eller?? ;)
God helg alle, eg skal kaste meg over hybelkaninene, satsar på dei tar kveld i samanstøyten;))


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails