torsdag 29. april 2010

Nydeleg keramikk

God kveld alle saman. Er innom ein liten snartur... Stressar litt kan man seie! Reiser til Sandnes i konfirmasjon i morgon. Eg skal hoppe av i Bergen på veg heim¨, skal på jobb der eit par dagar.



Må berre viser noko av den flotte karamikken frå Herregård design. Spessielt det blå er berre nydeleg!! Så glad for at vi har fått forhandalar av desse flotte tinga her i byen og!















Muleg det blir litt stille nokre dagar sidan eg er på reis, så ynskjer alle ei fin helg:)

tirsdag 27. april 2010

Mai...snart!

Snart er det mai, og i helga skal vi i konfirmasjon. Mamma har i heile april sydd på bunadar! Ny skjorte til seg sjølv, sydd ut min (måtte desverre innsjå at kroppen ikkje er den same som når eg fekk den som 15 åring) og sydd inn min lille Hardangerbunad som eg hadde som barn. No skal mi eldste få den;) Ååå det er så stas!! Eg fekk den av mormor og morfar:) Mamma er fødd og oppvaksen i Hardanger, foreldra er frå Solund. Vi er ein familie der alle damene har bunad. Mamma har Hardangerbunad, er Sunnfjordbunad, mormor og svigerinna mi Sognebunad, to tanter med sunnfjordbunad og ei med Sunnhordalandsbunad. Søskenbarnet mitt har ein frå Rogaland, hugsar ikkje namnet... Kan tru vi er fine samla;))




Her sit eg på kyrkjemuren i Odda som 5 åring:)


Her saman med 3 av mine besteforeldre, besta i Sunnfjordbunad og mormor i Sognebunad



Eg må innrømme at eg synest Hardangerbunaden er den flottaste!! Berre sjå på detaljane:




Ha ein fin dag:)

søndag 25. april 2010

Ein langsiktig plan.

Ute ligg snøen framleis og det er fristar overhode ikkje å gjere noko ute. Derfor sit eg å teiknar og planlegg hagen ved gamlehuset:)) Eg var ute igår og pusla i hagen. Grov fram to rosebedd!! Vi vil flytte på nokre plantar og gjere nokre endringar etterkvart, så vi må ha ein overordna plan å arbeide etter sjølv om mykje i den blir laaaaaangt fram i tid. Vil og tru at planen må ut på høyring og reviderast nokre gonger;)) Når sant skal seiast er vel planen neppe forståelig for andre enn meg! Ein klar sakshandsamingsfeil??;)




Kontrastane frå her inne i fjorden og ute mot havet er for tida ekstreme.... Der er påskeliljene begynnt å blomstre for fullt.



Måtte ha med nokon heimatt:) Nokre enkle og nokre dobble. Vakre ikkje sant? No ska vi på Stardalsdagar og sjå på traktorar:)))



Fortsatt god søndag alle:)

mandag 19. april 2010

Ein award:)


Tusen takk kjære Marthe med bloggen Fruen fra Trondheim og kjære Randi med bloggen Mitt eige Solsystem. No blei eg kjempeglad;))


Awarden skal sendast vidare til 7 andre og eg skal fortelle 7 ting om meg sjølv:

1. Eg er frykteleg morgongretten:(
2. Mannen i mitt liv har vore kjæresten min sidan eg gjekk ut av ungdomsskulen;))
3. Skikkeleg mammadalt!
4. Kan ikkje stryke,.....
5. Er vel igrunn dårleg til å sy og:(
6. Evig romantikar.
7. Kan rett og slett ikkje fordra storbyar....... Likar roen på landet;)

Eg sender awarden vidare til desse flotte bloggane, nokre har sikkert fått den før, så blir ikkje fornærma om den stoppar opp;)

1.Line fra huset på landet

2. Silje sin

3. Hus på solsida

4. Villa Twil

Hadet bra alle saman:)

mandag 12. april 2010

Landlige kjøkken

Sit her og drøymer om kva vi vil gjere ut av "gamlehuset". Enn så lenge må vi nok pusse opp med stor grad av gjenbruk. To svære hus i topp kvalitet ligg litt over vårt budsjett. Men to koslege hus skal vi klare:) Veit ikkje kor mykje vi får gjort i år, men vi skal fikse vaskerommet og muligens ein del av kjøkkenet pga av ein lekkasje.


Foto: Biga consept





Foto: Kvænum

Trur iallefall at eg er komen til at gamlehuset skal få ein landleg og nostalgisk stil. Mulig nye huset her blir litt meir klassisk og enklare stil, noko som ville gjere mannen glad;)) Sant å seie så ser eg mørkt på to store hus med så masse dilldall som eg har her. Vi veit vel alle kor lang tid støvtørking i ein rikt møblert og dekorert heim tar;))


Foto: Sigdal

Fjern formatering fra utvalget





Foto: House Beautiful

Vi hadde ei kjempeflott helg på Sotra:) Men er nok litt trøtt:) I morgon går ferda til Tigerstaden på jobb;)
God kveld alle saman!

torsdag 8. april 2010

Magnolia

Eg har verkeleg fått auga opp for magnoliaen. Lure litt på om eg skal tørre å prøve å plante eit!? Veit om nokon som har dei, men dei ligg litt lunare til enn oss.... Man blir jo verkeleg frista av desse bileta:)











Eg er begynnt å glede meg til helga, då skal eg og mannen på tur til Sotra der vi budde i 5 år. Ei venninde skal feirast:))
Ynskjer alle ein flott kveld






mandag 5. april 2010

Ut av dvalen

Då har vi berre ein liten snøflekk igjen i hagen... JIPPI!! Har tatt litt bilete av ein nok så livlaus hage frå altanen bak huset. Her har vi ein liten hageflekk der eg har planta ein japanskhengekirsebær. Hekken er kjedleg tuja, men her skulle det gå fort, noko vart kjøpt med naboen og alle var einige om at vi skulle ha masse, den skulle vere vintergrønn for å hindre innsyn (bur på toppen av feltet, masse bilar oppe og ser og snur:)) og vekse fort!!! Svaret vart ikkje uventa: Tuja. Innmot veggen har eg eit bedd med halv skugge. Har har eg ulike typar hosta og bronseblad, kattemynte, beinved, skogsjegg, iris og ulike typar vintergrønt. Det ser riktigt så dødt ut no men står frodigt om sommaren.




Alle kantar hos oss er i naturstein. Eg likar det best!! Vi hadde mykje og ta av på tomten og, så kvifor betale i dyre dommar for noko ein kan få gratis;)




Denne lille gangvegen går til vaskerommet og til hagen på framsida, legg merke til "stabbesteinane" på enden både her og ved innkøyrselen.


Stemorsblomster er obligatorisk!!





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails