lørdag 31. desember 2011

Jula med Dagmar..

Då er vi komen heim frå juleferie i Nordland. Langs heile vestkysten har vel denne jula vore prega av masse vind. Når ein hugsar tilbake på jula i 2011 trur eg det vi vil hugse er alt uværet. Her heime har Dagmar velta eit stort ospetre nedover bakken. I fallet har det "skrella" storegrana på eine sida. Storegrana er ei svær edelgran på 30m og nesten 200 år som stær midt på garden. Her ser ikkje ut! Vi har starta å rydde på ospa. Så får vi sjå om resten kan stå eller om vi må ta grana og dei to gjenståande ospene etterkvart og... Det er slik med tre som står tett at dei stabiliserer kvarandre. Så når ei vert vekke vert dei andre svært utsett og vi snakkar her om STORE tre! Då treet fall tok det og straumlinja til huset vår. Vegen til kommunen vår vart stengd av ras, det er den framleis. Så for å komme nokon stad må vi ta ein omveg om nabokommunen med ferje! MEN: det er anddre som har det langt verre enn oss. Løer, hus og campingvogner er blåst i fillebitar. På turen heim fekk vi sjå mykje! Dagmar har herja stygt i indre Nordfjord! Bileta er før og etter Dagmar...









No skal vi berre nyte det som er att av jula og nyttårshelga. Vi har ikkje pynta så mykje i år sidan vi har vore bortreist men litt pynt må vi jo ha. Og eit lite juletre som er sjølvplukka:) I kveld skal vi feire nyttårsaftan her heime og i morgon tar vi ein tur til Førde til mamma håpar på open veg då;)

Ynskjer alle mine leserar godt nytt år!!

lørdag 24. desember 2011

Jul og juleferie



Fjorårets juletre.

Eg vil ynskje alle riktig god jul:) Tida har ikkje strekt til i år før jul, så bloggen har blitt skadelidande. Men no er eg ferdig med alle årsrapportering så no kan julefreden senke seg. Vi feirar jul i Nord-Noreg med svigerfamilien i år. Det er ein lang tur på vinterføre med det gjekke berre fint:) Svigerinna mi her oppe venta ei lita jente no til jul, og medan vi var på veg hit, såg ho dagens lys:) Så no har vi to nieser med bursdag lillejulaftan!! Vi skal heim i romjula, men vi må sjå an vermeldingane... Dei lovar jo ikkje akkurat godt!

God jul til alle mine kjære bloggvener der ute. Dåke er berre heilt fantastiske alle som ein!!

søndag 18. desember 2011

Julepresang!

Her er vår julegave til oss sjølv. Ny sofa i tv-stua:) Veldig nøgd!!








Eg har fortsatt problem med blogger, når ein lagar innlegga kjem bileta opp som masse tekst... det meste av symbol på verktøylinja manglar. Andre som har opplevd det same?

Idag skal eg rydde og pynte litt til jul. Vi reiser på torsdag så merkar tidspresset no:)

Ha ein fortsatt fin søndag:)

tirsdag 13. desember 2011

Ikkje berre er det jul snart...

men snart snur sola og!! Eg er igrunn ikkje noko vintermenneske... Ser fram til utedagar i hagen, leikande ungar i kortebukser, jordbær, grilling, dukkevogner og så klart litt hagesysling:)



Men først er det jul:)

søndag 11. desember 2011

3.søndag i advent.

Kosar meg med levande lys og bloggar no på morgonkvisten! Idag startar vi på eit lite prosjekt og så skal vi inn til byn på familiejulebord.



Ha ein fin 3.søndag i avent!

lørdag 10. desember 2011

Eit aldri så lite llivsteikn!

Skal seie dagane går fort!! Bloggen har desverre blitt nedprioritert i denne travle førjulstida. I tillegg har eg starta i ny jobb dvs. hos gamal arbeidsgivar men ny jobb. Veldig kjekt å vere tilbake hos koslege kollegaer. I dag har eg og minstejenta handla litt julegåver. I morgon skal vi på søndagsope i byn og familiejulebord på hotellet med ein vennefamilie. Det har vi vore før og, veldig kosleg.

Huset er førjulspynta, her pyntar vi til jul lillejulaftan. I år skal vi til mannens familie i nord-Noreg på juleferie, så i år må eg pynte litt før. Eg og mannen har kjøpt gave til kvarandre på førskot i år:) Reknar med eg kan vise den fram om ei vekes tid;)

Denne fine lykta har eg kjøpt gjennom Casa interiør, dei har så masse fint! Ramma på kjøkkenet lenger nede kjem og derifrå, den skal etterkvart få bilete av våre eigne;)



Eg er vel strengt tatt ikkje heilt i rute med julebaksten iår, men peparkakehjarte med vindu har mamma tradisjonen tru laga med ungane. Dei heng i kjøkkenvinduet. Og eitt i kransen på ventilatorhetta.



Fortsatt god førjulstida alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails