fredag 31. desember 2010

2010 del 1

JANUAR: Nib hadde baderomsutfordring og eg viste fram badet mitt for første gong.


FEBRUAR: Eit gamalt beisa furuskap fekk nytt liv:)
MARS: Eg fortalte fyste gong om Gamlehuset, mine besteforedre sitt hus på heimgarden min som vi har overtatt. Planane for renovering er klare:)
Rundt huset er det ein fantastisk hage, i mars såg plenen slik ut, masse krokus!
APRIL: Eine dagen var det vår, neste dag var vinteren tilbake:/ Slik var igrunn heile april!
MAI: Vi laga kontor på loftstua.
I fjor vinter tok dei vekk granskogen bak huset vårt og vi fekk plutseleg ettermiddagssol på baksida av huset;) Då måtte vi ha ein lun kosleg uteplass her og!
Vi starta å jobbe i Gamlehuset!!
Her heime jobba vi med garasjen og vi mala.
JUNI: Slåttonna er godt i gang:) Fleire hundre mål vart slege på eit par-3 dagar!
Hagen både her heime og i Gamlehuset har fått sommardrakt;)
Ei midtsommarnatt med utsikt innover fjorden til byn.
Og her er sjølve sommardraumen: Gamlehuset med ein bugnande hage i all sin prakt!

torsdag 30. desember 2010

Grey pearl

Her i huset samlar vi på Wedgewood sitt Grey pearl servise. No til jul fekk vi litt påfyll av kaffeservise, så no har vi til 7. Har middagsservise til 5...





Te-skeiene er i sølv og heiter opphøyet rose

Eg steiker pannekaker til middag no så bloggast seinare;))

lørdag 25. desember 2010

Julekos;)

Då var julaftan vel overstått og alle er vel nøgde med gåvene dei har fått. Huset står fortsatt på hovudet med mykje som skal pakkast på plass og monterast. Men det gjer ingen ting, det er jul og vi stressar ikkje;) Ungane prøver gåvene sine og kosar seg med julesnop og julebarne-tv.

Her kjem litt bilete frå årets ferdigpynta julebord:)



Idag har svigerfar bursdag så vi skal opp dit seinare idag:)
Fortsatt god jul alle saman;)

fredag 24. desember 2010

God jul alle saman

God jul alle saman:) Her har opplading til jula vore alt anna enn normal. Dagen igår gjekk med på barneavdelinga med minstejenta. Alt vel no;) Eg var i senga halv 3 i natt... så litt trøtt! Får sjå om eg får lurt meg til ein kvil i løpet av dagen. Ungane har opna pakkane frå nissen og funne julegodt i strømpane sin;)) Kosleg det!


Her er kjøkkenet med nye benkeplater, litt mørkare men fine alikevel;)



Denne juleduken hadde vi heime når eg var lita, syneste den er flott!!


Kjøkkenet før eg la meg inatt;)



Desse hjarta lika eg så godt, fann dei på ein liten nærbutikk i ei lita bygd:)



Strømpane heng klare med snop.




Og så årets juletre... Vi pynta med sølv og raudt:)








I formiddage skal vi til mamma på julelunsj, til kvelden skal vi vere her hos oss saman med mamma og mormor;) Det gler vi oss til! Likar igrunn å vere heime julaftan..
Ynskjer ei alle strålandes jul;)






onsdag 22. desember 2010

Julestria..

Jau då eg er her...såvidt;) Denne førjuls tida har ikkje vore heilt som normalt... Som eg har fortalt har vi bytta benkeplater på kjøkkenet som fylje av ein reklamasjon. Etter det har eg ikkje blogga... De skulle berre sett kor kjøkkenet såg ut då snikkarane var ferdig... Skadar på kjøkkendører, lister pluss pluss. Var rett og slett så rasande at eg fann ut det var best å ikkje blogge pga. av faren for å skrive vel mykje stygt!! Heldigvis vert alt som er øydelagt bestillt nytt!!

I tillegg har eg fått tilbod om ny jobb i heimkommunen min, der gamlehuset er! Etter mykje fram og tilbake bestemte eg meg for å takke ja. Dermed vert da flytting på oss til sommaren!! Godt å endeleg ha tatt valget, men veldig spent på korleis dette skal bli...


Har no fått laga ein liten dekorasjon:))

Jula har liksom hatt litt lite fokus... men idag har eg henta fram julepynten:)) Imorgon har eg nokre pakkar som må handlast, så er vi klare for jul! Skal bli så godt å roe heilt ned no!!
God kveld alle saman:)

mandag 6. desember 2010

Giveaway!!!

Her skal det feirast!!! 10 000 besøkande:)) Tusen takk til alle mine flotte leserar!! Premien er framleis hemmeleg, med kan røpe at den vert av da julete slaget;)) Trekning blir 15. desember!




1. lodd: kommentar i innlegget her
2. lodd: Du legg deg til som følgar
3. lodd: Du lagar link på di eiga side

Lykke til alle saman;))

torsdag 2. desember 2010

Jubileum og årets adventskalender!

God kveld alle saman;) Her er nissane til dei to eldste med pakkar på magen:) Ein gut og ei jente. Dei er vel 1 m lange. Det er mamma som har sydd og strikka dei, er ho ikkje flink vel? Desverre er det ikkje så lett å sjå kor fine dei eigentleg er med alle pakkane på så må ta eit nytt bilete litt ut i desember. Og så skal dei få seg ein litt finare plass å henge!



I dag har besøksteljaren runda 10 000!! Tenk at så mange er innom å besøke meg:)) Sette utruleg stor pris på alle dei koslege kommentarane eg får og:) Men mange som er innom som ikkje legg igjen spor!! Hadde vore utruleg kosleg å høyre kven det er og kva de synest! Kanskje det er noko de vil sjå meir av?
Jubileumet må feirast med ein giveaway iløpet av helga så følg med!! Lovar det skal bli ei fin og julete gåve;))
Ha ein fin kveld alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails