Eg har vore så heldig at eg har arva masse flotte ting etter mine besteforeldre. Eg og tantene mine jobbar med å pakke saman i gamlehuset og den eine etter den andre skatten dukkar opp. Spessielt å få ting frå gamlehuset inne hit:) Blir liksom litt feil plass, men dei tar seg utvilsom godt ut her og:) Nokon av dei skal nok utatt når vi e ferdige med kjøkkenet.

Fire flott krukker, og 5 små oppå ventilatoren. Nokre flotte skåler i krystall.

Dette flotte serviset fekk dei til bryllaupet sitt i 1955. Her er 2 sausenebb, terrin, 5 serveringsfat, 2 potetskåler, 4 små fat, skåler til 12 i to ulike størrelsar tilsammen altså 24 og middagstallerkar til 12.

Alt her er arv utan muggen til høgre oppe og den heilt til venstre nede, begge frå IB Laursen og den rosa frå Miljøgården.

Ha ein fin søndag alle saman:)