Her kjem då før bilete av stua! Skikkeleg 70-tall!! Huset var jo skikkeleg up to date i 1978, men vi ynskjer nok oss ein litt anna stil:) Men det er ikkje å legge sjul på at det er veldig rart og fjerne alle "spor" etter besteforeldra mine sin stil, har jo så mange gode minner herifrå! Men vi tar vare på litt små ting her og der som skal få leve vidare saman med oss.

Håpar ingen trur at det var sååå rotete her når før, det er etter vi begynte å tømme skuffer og skap og renovere kjøkkenet, for så å stue det inn på stua, at resultatet vart slik. Og to sekkar barbiedukker strødd utover!! Peisklumpen må vike, den tar altfor mykje plass..

Her ser ein dragaren. Stua var i gamledagar todelt. Det har vi og tenkt å gjere. Lengs frå kamera her vert tv-stua og daglegstua nærmast. I helg verte da med andre ord masse jobb igjen, men kjekt det når resultatet verte bra:)
God kveld alle saman:)