Då er vi komen heim frå ein fantastisk tur til Dubai!! For ein fantastisk stad altså:) Vi har levd i luksus frå ende til annan i 8 dagar. Utruleg hyggelege folk og ein service vi aldri har opplevd makan til. Deiligt, men er godt å komme tilbake til normalen.

Vi budde på to ulike hotell, her er bilete frå det siste: Det låg framfor alle skyskraparane ved stranda. Herleg stor hage med fleire basseng og eiga strand.
Her er Burj Al Arab frå sjøen.
Vi hadde ein flott dag til sjøs.
Her er Hotell Atlantis, der spiste vi lunsj ein dag. Flott hotell med eiga strand, akvarium og badeland. Nokre i reisefylje var ute ein dag å svømte med delfinar!!
Her er ifrå "nye" Dubai. Flotte nye bygg inspirert av gamal arkitektur.
Ein kosleg uterestaurant.
Ein tur opp i verdas høgste hus, Burj Khalifa, som er 828 m høgt. Altså MYKJE høgare enn alle dei andre som og var høge!!
No e det berre å samle krefter til helga, OPPUSSING!!!
Ha ein fin kveld alle saman:)