søndag 19. juni 2011

Gang og fasade, før og etter...

I kveld serverer eg litt før og etter bilete:) Vi (les:mannen) har lagt golv i gangen. Synest det blei fint! Skal seie det er blitt lyst og fint no:) Eg har malt 2 strøk på eit soverom oppe som skal vere gjesterom. I tillegg er vi for alvor begynt å flytte utover ting og tang til tross for at vi er langt frå ferdige... men må ut om 1,5 veke så her er det berre å setje igang. Min snille mamma har vore her heime og pakka og vaska. TUSEN TAKK!!




Hei vennen;) Likar nok ikkje å bli lagt ut på bloggen min kjære, men einaste bilete der ein ser "rette" vegen;) Dessutan er du så flink at du fortjener litt heder;)






Her er utsida før og etter!! Ååå det blir så fint, men tenk utan flatt tak og med krysspostvindu!!! Det er berre denne sida som er ferdig, gler meg til det er ferdig:) Då er det den SVÆRE hekken som skal bort;))




No: senga:) God natt!!












onsdag 15. juni 2011

Eit nydeleg hus!!

Kom over dette på finn.no. Berre så flott, kunne flytta rett inn her:)









Her har eg fylt opp loftstua med halvparten(betyr desverre at det er like masse igjen!!) av alt på loftet. No skal det sorterast... Gjett om eg skal vere flink å kaste!!!

Ha ein fin kveld:)

tirsdag 14. juni 2011

Soveromsinspirasjon..

Ja, korleis skal rommet vårt bli?? Her er litt for ein kvar smak frå inspirasjonsmappa:)






Då er det berre å hoppe i køya og håpe dei små e friske i morgon. Litt halsvondt og slappe i kveld....

Go natt:)

søndag 5. juni 2011

Eit vellukka eksperiment!


Eg har lenge hatt lyst på sofa ved spisebordet. I gamlehuset får vi ikkje plass til både 3-setaren og 2-setaren i stua, samstundes vil spisebordet ta heile kjøkkenet omtrent.... Så datt det ein lys ide ned i hovudet: Kanskje desse to kan kombinerast, sofaen vår er jo noko høgare enn normalen?? YES!!! Det kan det jo!!?? Sofaen er litt låg, men tar vi eit par cm av bordbeina (bordet er noko vel høgt i utgangspunktet) så blir det så flott så!! Og det beste av alt: MAnnen likte det slik og:) Dermed skal vi ha det slik på den andre stua og eit litt mindre plasskrevande bord på kjøkkenet.


Sofaen skal stå under vinduet her... Er forresten veldig nøgd etter dagen idag, har fått opp all tapet, gjenstår berre litt rund muren som skal pussast først.



No blir det avslapping resten av kvelden:)

fredag 3. juni 2011

Bebueleg??

Så deiligt med ein fridag her heime med ungane!! Jammen lenge sidan sist.

Tida går fort og vi må berre begynne å flytte ut ting og tang, sjølv om vi er langt frå ferdig!!! Og uttolmodige meg MÅTTE henge opp gardinene tross manglande lister, er jo berre å ta ned stanga:) Veldig nøgd:) I morgon skal vi ut att, reknar med å bli ferdige med tapetisering av andre stua då! I dag har prøvd ut noko.... bilete kjem:) Spent på ka mannen synest;)





Har hatt litt problem med blogger!! Får ikkje lenge inn kommentar hos andre... skal prøve igjen i kveld, vil jo så gjerne inn å kommentere hos alle dykk andre kjekke og dyktige medbloggera;)
Ha ein fin dag vidare!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails