torsdag 21. juni 2012

Her er eg...

Iallefall ei lita stund inn i mellom. Dagane går fort og sidan sist har eg vore både på tur til Geiranger og i nydeleg bryllup. Denne helga er det nytt bryllup og feiring av rund dag. Alltid kjekt å vere litt sosiale. No er slåtten og i gang og vi tida går med til det. Kyrene er komne ut og nyte lange dagar i grønn overflod! Nokon som legg merke til ferdigmalt terrassegolv?? Fargen er varm grå frå Jotun. No gjenstår berre eit strøk på rekkverket.Lyktene er frå Slettvoll og heilt klart ein favoritt. Vi har kjøpt oss noko vi har ønska oss lenge, heng med så får de kanskje sjå etterkvart;) Klem i sommarnatta:)

fredag 8. juni 2012

Eg har mala trappa oppatt. Kom fram til at det vart "lettare" med heilt kvit istaden for svart søyle og gelender. Kva synest de??

torsdag 7. juni 2012

Syrin..

Joda da e liv:) Men her er så mykje å gjere, så bloggen har ikkje vore prioritert. Akkurat no held eg på å setje opp gjerde så vi får sleppt ut kalvar og kyr:) Ute blomstrar syrinen. Sånn ei herleg luft! Måtte ta inn litt og;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails