mandag 28. juni 2010

Medan vi ventar på sommaren....

Her ventar vi på sommaren! Det er desverre ikkje mykje som minnar om sommar her:( Øs, pøs... Ikkje får vi reist avgårde på ferie før helga heller. Bilen vår fann ut at det var eit greitt tidspunkt å vere vanskeleg på...grrrrrrrrr. Då går turen til Helgeland til min manns familie:) I helga hadde vi feiring av min 30-års dag, litt på forskudd:)) Den var veldig moro... Så kjekt å samle alle vener på ein gong:))

Medan vi ventar på sommaren kan vi jo sjå på nokon glimt frå ferien i fjor:

Storebror blei 9 år:)
Ei flott kyrkje i sentrum av Gøteborg.

Vakre Venaren!



Skjærgårdstreff heime, ungane fekk ansikta måla:)



Solnedgang ovar Florølandet.



Ein fantastisk flott dag på Grotlesanden. Ungane storkosa seg:))) Dette MÅ vere Norges finaste strand!!
Som de ser var sommaren vår flott i fjor. Mange fine turar både i nærområdet og til Sverige. Vi var og ein tur i Tusenfryd:) Ferien fekk desverre ein bråstopp då lillesøster vart sjuk og vi måtte heim... Kryssar fingrane for at ho held seg frisk denne ferien:) No treng vi kvile etter ein vinter med MYKJE sjukdom og ein svært hektisk vår og forsommar på jobb for oss begge.
Ynskjer alle ein flott dag:)




onsdag 23. juni 2010

Eg vann!!!!

I dag er eg i superhumør:))) Det er sol og sommar, snart ferie, fantastisk fin jonsokfeiring og eg VANN Give-away hos My Home Is My Castle. Tusen takk Kari:)) Flotte koppar frå butikken Annas Rom!!! JIPPI!!


I morgon skal eg ut i gamlehuset å rydde med tantene mine. Litt vemodig å rydde ut av heimen til mine besteforeldre... men slik er vel livet. Besta fortalte fleire gonger kor vanskeleg det var og "ta over" då hennar svigermor vart sjuk. Slik er det no eingong på garden... ein generasjon tar over etter ein annan.

Go klem til alle:)

tirsdag 22. juni 2010

Blue summer.

Her går det i hundre for tida. Prøver å få ferdig div småprosjekt til helga. Då skal vi ha fest:)) Fruen har stor dag;) Det må feirast, må ta fokus frå realiteten!!











For dei som måtte tvile: Min favorittfarge om sommaren er BLÅ :)
Nattaklem til alle sammen:)

søndag 20. juni 2010

Slåttonn

Då er slåttonna godt i gang heime på garden. Vi har vore utom for å hjelp til. Slik er det, på ein gard må ein trå til når det trengs. No er det meldt bra ver nokre dagar og pappa og bror min har slått ned 350 mål!!! Då seier det seg sjølv at dag og natt går i pressing til ein er ferdig.


"Traktoregg" tett i tett:))

Pappa i full drift.

Vi har tre teigar. Her ser vi "skårane" på heimebøen. Godt over 220 mål ligg her!! Håpar vergudane er med på laget:))
Sånn ser det ut i hagen ved gamlehuset no!! Har tatt masse bilete i dag som de skal få sjå seinare. Rein idyll:) Gler meg til ferien:))
I tillegg har vi fått 26 tonn grus tippa på tunet "her inne". Dette skal fyllast i garasjen (før støyping av gulv), eg har luka bedd og vi har hatt ei lita tulle med oppkast:/ Vi har og fått all taksteinen til garasjen. Det har med andre ord gått i eitt!
Ha ein fin kveld.



fredag 18. juni 2010

To damer

I dag har eg oppdaga ei perle av ein butikk. Kan trygt seie at dette er ein av dei flottaste interiørbutikkane eg har besøkt på lenge!! Butikken heiter To damer interiør og ligg i Stryn. Utan å byrje nokon storstilt oppramsing, forhandla dei masse flotte varer inkludert Halvor Bakke sin kolleksjon. Bileta fann eg på facebook sida deira, desverre ikkje topp kvalitet men, men. Eg skal garantert innom her neste gong eg er i Stryn:)))








God kveld alle vener der ute;)







mandag 14. juni 2010

Draumebolig??

Denne flotte leilegheita ligg no ute på Finn.no. Nokon kjenner den gjerne igjen frå ein reportasje i Interiørmagasinet nr. 2 i år. Denne er berre lekker. Likar kontrastane mellom det litt stramme interiøret og stukkaturen/rosettane. Her er det berre å sjå og nyyyyyte:))















God kveld alle saman:)

lørdag 12. juni 2010

Kan det bli flottare ?!

Om er ikkje har sagt det tydleg før:) Eg ELSKAR Slettvoll!! Dei har så utruleg mykje flotte klassiske møblar som kan kombinerast med dei fleste stilar. Butikkane er jo ein draum, ein kan flytte rett inn;)) Her i byn er vi heldig som har forhandlar. Sjå berre her kor flott:














Fortsatt god helg alle saman:))

mandag 31. mai 2010

Ny uteplass!

Her er det som de ser nydeleg sommarver:) Og ny uteplass:)

Forlangte fin kant rundt og det var jo ingen sak for ein ekte HANDYMAN:)))
Markisa fekk vi av min svigerfar som driv i den bransjen:)) Den har låge nokre år på lager! Ikkje heilt nøgd med fargen akkurat ( likar ikkje GULT) men den er det inga sak og skifte duk seier svigerfar, så vi får sjå kva det blir til:)) Tanken er ein levegg mot nordavinden på enden....
Flott å sitte her då, blir trekkfullt framme på kanten når gradestokken ikkje har krøpe over 20. Sidan i fjor har dei teke vekk mykje granskog bak oss, så no har vi faktisk ettermiddagssola bak huset og:)



Ha ein flott kveld alle:))

søndag 30. mai 2010

Treng meir utemøblar.....

.....no når terassen vår er ferdig:) Skal prøve å få tatt bilete i sola imorgon. Vi har hatt årets første sommardag med 20 grader. Deiligt!! No so vi har fått endå ein uteplass treng vi ei sittegruppe til:)) Har litt lyst på ei sofagruppe i kunstrotting. Har to stolar og eit lite bord frå før.... så muleg eg eigentleg treng berre ein sofa?!?!






Desse to hadde heller ikkje vore å forakte;)








Ynskjer alle ei flott veke:))

mandag 24. mai 2010

Terasse på impuls?!

Her har pinsa bydd på veldig varierande ver. Fredagen var nydeleg, lørdag stortsett opphald medan i dag kjem det nokre fæle byger innimellom .




Fredag hadde vi nokre vener på grillmiddag på ettermiddagen. Pga. den ikkje fullt så sommarlege temperaturen og vind dekka vi på baksida der vi har litt ly for ver og vind. Vi har tenkt lenge på å lage ein uteplass her men ein del anna som står høgare på lista td. garsjen og maling!




Men så har det seg slik at naboen fekk levert feil materiale til sin terasse... Vi kjøpte den og vips ein godt påbegynt terasse. Vi har terassemarkise liggande på lager hos min svigerfar.. Når dagen i dag er omme satsar eg på at det er klart til å legge bord:)) Det blir jobben neste helg;)




Muleg det blir ein levegg på enden her og;)
I morgon reiser eg på jobbreise igjen, heime torsdag kveld så mulig det blir litt stille her.... men kjem plutseleg tilbake;)
Ha ein fantastisk veke kjære vener;))

søndag 16. mai 2010

17 mai feiring og renovering

Ja, så var vi jammen komen til 17 mai..... imorgon iallefall:)) I dag skal eg bake og stryke bunadsskjorter. Vi startar dagen med stort tog, alle skulane og barnehagane, organisasjonar og lag, og så klart eit lass med russ;) Etterpå skal vi heim å ete rømmegraut, deretter har grendalaget felles samling med leikar, kaffi og kaker her:)) Eg skal bake til den festen.... blir gjerne ikkje så flott som desse kakene... Greitt med platekake når det er så mange som skal ha!







I går var vi i gamlehuset. Veret var fantastisk!!! Endeleg:) Vi "ribbar" innvendig i tilbygget pga. ein lekasje. Så no surrar det rundt i hovudet kva skal vi ha på veggane , listvert, fargar.... Må ta ein del valg no som skal vidareførast i resten av huset og står i stil med dei detajane vi ynskjer å behalde. Håpar berre at snekkaren kjem snart og tar taket utvvendig.. då kan vi sette oppatt veggar og tak innvendig;)





Ynskjer alle ein riktig så flott 17 mai!! Her er det meldt regn men kryssar fingrane for at metrologane tar feil;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails