søndag 14. februar 2010

Sidan sist....

Bloggeaktiviteten har ikkje vore så stor her i det siste.... Vi har hatt det travelt og hatt eit dødsfall i familien. Dermed har lysta vore litt så som så og. Men idag fekk eg ånden over meg:) Starta dagen med å sove lenge før eg tok ein liten skitur med storebror:) Så laga vi krem til fastelavensbollane vi baka igår og pynta muffins og sjokoladekake. Vi har nemleg hatt besøk idag. Vihar feira morsdagen ilag. Litt rart sidan det var første morsdagen utan vår alles kjære besta:( Men vi har mange gode minner etter ei fantastisk god og snill mor, bestemor og oldemor som vi skal leve vidare på!!


Har hatt masse friske blomar i hus i helga, ingen morsdag utan;) Ein favn lys rosa tulipanar og kvite liljer som fyller rommet med herleg duft!
På stua er sommar gardinene komne opp. Litt tidleg kanskje med er så herleg med noko som slepper den varmande sola inn til oss. Vindua ved salongen har fått grå liftgarndiner. Litt usikker på om eg likte det eller ei.... dei får no henge enn så lenge;)

Kjøpte meg og ei ny lykt igår, til 129 kr!!!! Det ser nok litt tomt ut hos meg no..... Vi har ei lita snuppe på 1,5 år som flyttar og ruskar i alt. Reddast det som reddast kan!!!
Ha ei flott veke alle saman:))

2 kommentarer:

  1. Takk for kjempehyggelig kommentar! Så fin blogg du har :-) Titter garantert innom flere ganger! Håper du får en goood helg!

    SvarSlett
  2. Så fint dåkke har det :) Trist å høyre om bestemor di.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails