søndag 18. juli 2010

Siste feriedag og nye hagemøblar

Huff, idag er siste dagen av ferien vår... Vi hadde ei flott veke på helgeland og fekk sett sola der:) Her heime har det heller vore dårleg.... I går var vi på min heimplass på skjærgårdstreff, starta dagen innom på sportsbutikken!! Kjøpte meg nye raude støvlar og stooor paraply:)

Eg er ikkje klar for jobb endå kjenner eg... 1 veke gjekk vekk i sjukdom og denne siste veke skulle vi bruke i gamlehuset... Der har ikkje snekkaren gjort det han skulle og dermed vart det begrensa kva vi fekk gjere:( Begynnt å male nokre soverom, bilete kjem etterkvart;)

Garasjen går iallefall på framover, vi er godt igang med å legge takstein og med litt opphaldsver er den ferdigmalt og:))) Og vi har kjøpt eit sett med nye hagemøblar til den nye uteplassen vår!! Vart veldig nøgd, sjølv om vi igrunn hadde tenkt oss rotting møblar. Vi fall pladask for denne gruppa begge to og då er det jo ikkje noko å lure på:))



Om nokon skulle lure så er dei to kvite "pålane" stativet for ein utrekkbar vindskjerm. Den har vi lånt av svigerfar for å sjå om vi kunne tenke oss ein slik.... Det trur eg heilt klart vi kan:)))


Eg og ungane skal ha ei ferieveke før skulen begynne igjen, Hurra!!! Då vil vi ha SOL

Ha ein fin dag alle saman:))

1 kommentar:

  1. Stilige hagemøblar de har kjøpt dykk! Av og til finn ein berre noko som ein fell for sjølv om det ikkje var det ein hadde tenkt... Var superfine dei der. Har tenkt på rotting møbla med tida vi også, men likte igrunnen dei der litt...
    Kjedeleg med handtverkarar som ikkje får gjort som dei skal... Men, blir spanande å få sjå bilete over koss det vert etterkvart...
    Ha ein fine siste feriedag og lykke til med jobb att i morgon... ;-)
    Klems

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails