mandag 23. august 2010

Augusthagen.

Jammensanten vart det fint ver i dag og:) Skulle ikkje tru det når ein såg ut vindauget idag tidleg. Men kjenner at det nærmar seg haust.... temperaturen fell fort når sola går ned. Knipsa litt frå hagen i ettermiddag.... Eg har mykje så blomstrar no frå sist i juli og utover i september:) Rosene er jo flotte no, desverre har alt vatnet øydelagt ein del av dei:(


Her sit Mons på utkikspunktet sitt bak kjempeprestekragane som står på sitt flottaste no.




Synest kvite roser er nydelege!!!!!!!!



Dette er potteroser eg har planta for eit par år sida, i år var dei veldig kraftige og flotte!! Men litt reduserte etter masse regn...




Og ei gul ei og;))



Her ser ein frå terassen mot baksida av huset. Dette bedet mot naboen er fullt av busker med stauder imellom.... Planen er at det skal verte så tett her at eg slepp å luke noko særleg og lite innsyn:)
I morgon skal eg til Selje på jobb, 3 timar kvar veg så det verte ein lang dag! Men har heldigvis eit flott fylke å reise i, så kallar det eit frynsegode, all reisinga;))
God kveld alle saman:))

6 kommentarer:

  1. God kveld:)

    Takk for flotte bilder:)
    Kjempe fin utsikt:)
    Klem fra Kari:)

    SvarSlett
  2. Så fin hage du har! Eg drøymer også om ein flott og frodig hage, men tek nok mange år før eg kan vise fram like fine bilete frå hagen som det du gjer her.
    Kos deg i Selje, det er jo ein nydeleg plass. God tur!
    *klem Astrid*

    SvarSlett
  3. Ah nydeleg hage♥ Masse fine blomster! Heldig som har ein slik hage☺

    Og utsikta er jo fantastisk-no ser eg vertfall kor du bur☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  4. Gosh - for en drømmehage og med DEN utsikten!!!! Så flott!♥ Klem Cecilie

    SvarSlett
  5. Så masse flott du har som blømer i hagen enno. Her begynne det dessverre å verta litt tomt... På tide å kjøpe inn litt haustlyng snart tenker eg... Og fantastisk utsikt de har!
    Klems

    SvarSlett
  6. Så flotte bilder fra hagen din! Slike kjempeprestekrager har jeg også, de er virkelig nydelige. Synes gutterommet under var så koselig, skikkelig fin seng og nattbord!

    Ha en fin kveld videre!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails