mandag 9. august 2010

Eit utgangspunkt?

Her e då vårt prosjekt for tida!! Kjøkkenet i gamlehuset. Må berre beklage rotet først, eg var i full gang med å tømme skap og demontere dører då eg kom på at eg måtte jo ta førbilete!!! Så rotete har vel dette kjøkkenet aldri vore;) Huset fekk eit påbygg med kjøkken og vaskerom på slutten av 70 - talet. Då var nok dette kjøkkenet supermoderne;)



Eg skulle så gjerne hatt eit vindu på veggen der ovnen er... men det vert nok ikkje denne gongen. Denne oppussinga har eit lågt budskjett;) Den dagen vi ev. flyttar ut hit permanent kjem vi nok til å ta heile tilbygget!! Det flate taket SKAL få saltak med tida:)





Sjå det flotte golvet;))) Trur nok det må vike no ja;) Eg skal ha bort nokre overskap, resten skal malast i bomull frå Jotun. Veggane skal få fargen kvit lin, trur eg.... Benkeplatene skal skiftast og vi skal ha ny vask og ventilator.


Tok med ein del dører heim, kan jo male dei på kvelden;)) Trur vi treng nye handtak og;)
Ha ein fin dag alle, eg og ungane har ferie denne veka;)))


5 kommentarer:

  1. Å hjelpes.. Hihi!
    For et prosjekt. Men det blir nok moro også, å få det litt mer som man selv ønsker.. Og ikke minst lysere.. ;-)
    Følger spent med!

    SvarSlett
  2. ho-ho - joda, et slikt kjøkkengulv er jeg oppvokst med:):)

    SvarSlett
  3. Wow...litt av eit prosjekt du har forran deg her.
    Lekre gulv og fin tapet...
    Bra du huska å ta førbilete, for her skal det verta gøy å sjå effekten når du er ferdig... :-)
    Klems

    SvarSlett
  4. Ja, her var det nok å ta tak i;) Eg tipper det blir kjempeflott!:)
    Eg har budd i Førde i nesten 8 år eg. Flytta til barndomsbygda i fjor sommar. Tusen takk for koslege ord! No set eg deg på blogglista mi, for deg vil eg følge vidare:)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails