fredag 31. desember 2010

2010 del 1

JANUAR: Nib hadde baderomsutfordring og eg viste fram badet mitt for første gong.


FEBRUAR: Eit gamalt beisa furuskap fekk nytt liv:)
MARS: Eg fortalte fyste gong om Gamlehuset, mine besteforedre sitt hus på heimgarden min som vi har overtatt. Planane for renovering er klare:)
Rundt huset er det ein fantastisk hage, i mars såg plenen slik ut, masse krokus!
APRIL: Eine dagen var det vår, neste dag var vinteren tilbake:/ Slik var igrunn heile april!
MAI: Vi laga kontor på loftstua.
I fjor vinter tok dei vekk granskogen bak huset vårt og vi fekk plutseleg ettermiddagssol på baksida av huset;) Då måtte vi ha ein lun kosleg uteplass her og!
Vi starta å jobbe i Gamlehuset!!
Her heime jobba vi med garasjen og vi mala.
JUNI: Slåttonna er godt i gang:) Fleire hundre mål vart slege på eit par-3 dagar!
Hagen både her heime og i Gamlehuset har fått sommardrakt;)
Ei midtsommarnatt med utsikt innover fjorden til byn.
Og her er sjølve sommardraumen: Gamlehuset med ein bugnande hage i all sin prakt!

1 kommentar:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails