Slik ser gulvlistene ut. Dei er eigen komponert. Lurte lenge på å gjere det i huset når vi bygde men vi hoppa over... Det har vi angra på så no får vi gjort det i gamlehuset:) Platene på veggen vart plassert litt oppå veggen. Så la vi ei mdf-list mellom platene og golvet og mala den, deretter dekorlit i skøyten mellom vegg og list og så avslutta vi med gulvlist nederst. Det vart såå fint, kjempenøgd:)
Har og mala soklane på kjøkkenet og lista rundt. Nokon som ser kva gulv vi har valgt???
Så har vi laga ventilatorhette. Den er ikkje ferdig endå, skal på litt lister og dilldall først:) Til min manns store frustrasjon har eg (LES: igjen) bestemt meg for å endre litt på hyllene:) Til høgre for hetta kjem det muligens nokre glasskap og! Neste helg trur eg vi på få på taklister:))

Må berre minne om før.....
No skal eg finne senga og kvile litt før jobb imorgon igjen! Nattinatt!!