onsdag 9. mars 2011

Innkjøp til Gamlehuset

Her kjem ein liten smakebit av vidare arbeid i Gamlehuset. Eg har allereie kjøpt gardiner til stua. Dei er i ein linblanding, fora og med maljar. Dei er ganske tunge og heng derfor fint. Svært så nøgd med desse:)



Fargehandelen i byen har hatt flyttesal og masse tapetrestar til ein billeg penge. Eg fekk denne tapeten frå Borge (ornament) for 50 kr. rullen!! Akkurat nok til ein vegg i gangen som skal få ei ansiktsløfting....

Denne vakre rosa draumen har eg hatt liggande ei stund. Det var meininga at lillesøster skulle ha den på sitt rom, men så vart det storebror som enda på det rommet til slutt og då passa det jo fint med den tapeten vi sette opp då vi bygde.... No skal storesøster få den på sitt rom i Gamlehuset. Jentene skal ha rom i 1.etg. Trur det vert veldig greitt med tanke på å bruke romma. Her har dei rom oppe, og der er dei aldri åleine å leikar... Lillesøster får heller ikkje gå i trappa åleine! Rommet dei skal ha eigentleg to små med ein bueopning mellom. Utfordringa blir vel å få dei til å sove på same rom!!!


Ynskjer alle ein kosleg kveld!!

3 kommentarer:

  1. Så flotte gardiner og tapet du hadde kjøpt:)

    Ha en flott torsdag:)
    W

    SvarSlett
  2. Så heldig du var med tapetet da Ann!

    Lurt tenkt i forhold til barna og soverom synes jeg.

    Ha en finfin kveld;)
    Klem fra Line

    SvarSlett
  3. Nydelige tapeter og gardiner. Gleder meg til se hvordan det blir.

    Har giveaway på bloggen min, du er velkommen til å være med.

    Gode ønsker for en flott helg til deg og dine, klem.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails