torsdag 7. april 2011

Ny jobb og pendling...

Har fått ein del spørsmål ang. min nye jobb! Eg trivast godt:) Mange kjekke folk eg skal jobbe saman med og ikkje minst svært spennande oppgåver! Men savnar mine gamle kollegaer og;) Det mest fantstiske med jobben er opplevinga av naturen! Det hadde eg masse av i min gamle jobb og, skal aldri ha ein jobb der eg ikkje får vere masse ute og:) Det eg trivst mindre med er pendlinga. Skal pendle no fram til sommaren, då flyttar vi ut i Gamlehuset. Reisa tar ein time på svært dårleg veg. I dag var vegen stengt ein periode pga. av skred:( dermed vart eg for sein... jaja, greitt det er for ein kortare periode. Og som de ser av bileta er det verdt det, då ein kjem ut til slikt landskap:) Bileta er lånt frå Askvoll kommune si heimeside. Her ser ein faktisk heim på garden:) Draumen om livet på landet er på veg til å bli ein realitet:) Eit skår i gleda var imidlertid at snekkaren kunne fortelje at taket var verre enn han trudde = dyrare God kveld til alle:)

1 kommentar:

  1. Lengter hjem jeg når jeg ser bildene dine. Jeg er oppvokst i Askvoll kommune, Stongfjorden. Jobbet i Førde, så det ble noen mil med pendling i løpet av uka. Så vakkert landskap, er jeg veldig enig i.

    En fin tirsdag til deg.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails