søndag 5. juni 2011

Eit vellukka eksperiment!


Eg har lenge hatt lyst på sofa ved spisebordet. I gamlehuset får vi ikkje plass til både 3-setaren og 2-setaren i stua, samstundes vil spisebordet ta heile kjøkkenet omtrent.... Så datt det ein lys ide ned i hovudet: Kanskje desse to kan kombinerast, sofaen vår er jo noko høgare enn normalen?? YES!!! Det kan det jo!!?? Sofaen er litt låg, men tar vi eit par cm av bordbeina (bordet er noko vel høgt i utgangspunktet) så blir det så flott så!! Og det beste av alt: MAnnen likte det slik og:) Dermed skal vi ha det slik på den andre stua og eit litt mindre plasskrevande bord på kjøkkenet.


Sofaen skal stå under vinduet her... Er forresten veldig nøgd etter dagen idag, har fått opp all tapet, gjenstår berre litt rund muren som skal pussast først.



No blir det avslapping resten av kvelden:)

2 kommentarer:

  1. LEKKERT!! Dette var jammen en god idé ;o) Blir nok mange lange og koselige middager i denne spisestuen ja! Tapeten, gardinene og lysekrona er også nydelige! Ønsker deg en god mandag! Klem fra meg

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails