tirsdag 30. august 2011

Fram og tilbake, opp og ned!!

Jentene har sidan vi flytta inn hatt felles rom i 1.etasje. Rommet er igrunn to små rom med buegang imellom. Men å sovne i lag er ikkje så lett og når mammaen må springe opp og ned trappa x-antal gonger i løpet av natta til lillesøster, fekk ho til slutt nok! Dermed har lillesøster flytta opp.... Berre for å sove riktig nok... endå. Alle leikane skal vere nede, ser heiltklart at rommet er mykje meir ibruk når det ligg nede i nærleiken av stua. Og så slepp dei opp og ned i den bratte smale trappa vår!


Her er ganske tomt endå, men det skal vi jo gjerne noko med;)

Og som ein stor pluss vart det mykje betre plass til te-selskap med ei seng mindre:)


Hos storesøster:

Etterkvart som jentene vert større, ser eg vel for meg at dei får kvart sitt rom på loftet. Då blir dette kontor/hobby og gjesterom:)

Eg må og seie hjartleg velkommen til alle nye følgerar, kjempe kjekt at de vil besøke meg innimellom;)

Ha ein fortsatt fin dag alle saman, det skal eg: Vi har 15 års jubileum idag;)

4 kommentarer:

  1. Så fint rom! Skikkeleg jenterom! Gratulerer med 15 år!! Ha ein flott dag!

    SvarSlett
  2. Ja det er ikkje bere bere med denne nattespringinga! Slitsomt!

    Kjempekoseleg rom jentene har☺

    Gratulere med 15 år☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  3. Søtt. Hurra for deres 15 år:)

    Klem Henriette

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye med jubileet på tirsdag! Håper dagen ble fantastisk! Så fint rom jentene har og så koselig med kaffeslabberas for bamsene ;o) Ha en fin dag! Klem fra meg

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails