fredag 2. mars 2012

Stått opp frå dei daude???

Det kjennes iallefall litt sånn... Har for første gong på veldig mange år hatt influensa... blæææ!! Vanlegvis går eg klar... denne gongen var det berre meg. Og da skal vi vel vere glad for, kvardagen fungerer dårleg utan ei mor i huset! Framleis litt slapp og vondt i halsen og brystkassen...

Elles har vi hatt ei blaut veke, som heldigvis vart avslutta med ein aldeles nydeleg vår dag i dag. Skulen har vore innanfor på skidag idag, snakk om å vere heldige med veret! Eit lite skår i gleda var at vi oppdaga ein lekasje i taket på lillesøster sitt rom no i veka... Men det er vel desverre sånt ein må rekne med i gamalt hus..

Vi er begynt å drøyme om korleis vi skal ha det her etterkvart... ja for vi hellar nok mot å bli buande her på landet!! Rett nok er det travelt med så lang veg til jobb, men både vi og ungane stortrivast. Ikkje berre fordi her er fritt og vakkert men og fordi her er så utruleg mykje kjekke folk som har tatt imot oss med opne armar. Ein hjartevarme ein etter mi erfaring ikkje finn i litt meir urbane strøk. Folk har tid til kvarandre og bryr seg oppriktig om kvarandre:)









Ynskjer alle ei fin helg! Eg ventar på mannen som er å spelar fotballkamp, så ber det til naboen i bursdagkalas:)

3 kommentarer:

  1. Heisann!
    Så godt at du er på bedringens vei!! Det er ille å bli så dårlig! Fine bilder fra deres nydelige hjem! Ønsker deg en fin helg! Klem fra Livy

    SvarSlett
  2. så fint hus du har!! legg meg til som følgar eg! :) mykje fint her :)

    Håpar du snart blir frisk igjenn, her har eg 2 sjuke ungar! trist! :( i fina veret!

    Kanksje me sjåast inne hos meg? eg kjem ihvertfall tilbake her! og du?? Grattis m 100 følgarar då ;)


    Klems Diana.

    SvarSlett
  3. So fint dokke har fått det :) Kjøkkenet ser heilt herlig ut! Må seie meg enig i at livet på landet er flott - vi fikk hest nr. tre til gards i helga :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails