søndag 15. april 2012

Bestens gamle port

Denne helga har besten sin gamle port fått nytt liv... ialle fall nesten, mangla litt maling. Denne porten har ikkje vore oppe sidan eg var liten. Synest det er så fint å ta vare på noko av det fine og med affeksjonsverdi i hagen! Besta var veldig glad i hage. Når eg var liten var den fantastisk! Eg har fleire minner til turistar som stogga på vegen å tok bilete. Desverre har det ikkje vore gjort så mykje anna enn å klippe plenen dei siste åra... så mykje av blomane er borte, tre er daude og busker overvokst. Med det som er verdt å ta vare på prøver vi å behalde og klippe ned. Vi har mange planar etterkvart:)



I fjor sommar tok vi vekke ein gedigen granhekk. Berre sjå kor mykje av plenen som som er brun!! No har vi endeleg fått vekk all veden og renska opp, så no skal det opp gjerde og ny hekk. skulle gjerne hatt stakittgjerde, men vi treng sikta frå vegen både i vår port og avkøyrsla til naboen. Hekke skal derfor heller ikkje plantast heilt ned til vegen.



Desse helgane går så fort!! Denne helga har vi vore ute frå morgon til kveld:)

Ha ein fin kveld alle!

1 kommentar:

  1. Viktig å ha planer og drømmer, samtidig som man skal bevare og ta vare på minner. Ja en helg går fort når man holder på ute på prosjekter. Deilig av vinteren er over og man kan holde på ute igjen. Det har jeg savnet i vinter. Her har vi også holdt på ute i helgen. Deilig!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails