torsdag 15. september 2011

Stilskifte??

For dei som har følgt meg ei stund ser nok at min stil er i stadig endring. Kanskje spessielt etter at vi flytta ut i gamlehuset. I nyhuset hadde vi langt meir glitter og glamour, for ikkje å snakke om lysekroner.... det passa godt i det huset. Ein må kjenne på atmosfæren i huset tenker eg. Og dette huset synest eg seier kvardagsbruk og heimekosleg. Litt meir kontrastar, naturmateriale og langt mindre bling og herskapshus. Og jammen trivast vi utmerka med det og! Skulle eg bygd nytt hus, trur eg nok eg vil prøvd nok anna enn forje gang. Og så er det vel slik at vi skiftar stil og endrar meining etter inspirasjon og impulsar rundt oss.









Litt kjøkkenkos frå meg idag.

Klem til alle som er innom!




onsdag 14. september 2011

Grovinngang


Dagane flyr avgårde... Kor blir det av tida igrunn!? Vi har ein masse prosjekt på gang. Det kjekkast er vel at vi endeleg er begynt på grovinngangen. Det skal jammen blir godt. Gler meg til masse knaggar og plass til sko! Litt inspirasjon må ein ha, planane er klare :)




Inspirasjonen i kveld er rett og slett frå Bohus (kommoden er vist frå Skeidar;)), som etter kvart er blitt ein svært så grei plass å legge handleturen ;)

ps. Kan nokon gje meg tips om korleis eg får headern over heile??? Med all teksten over... Dette blei veldig rart:(

God kveld til alle!

søndag 11. september 2011

Feiring i fleire dagar...

Dette har vore litt av ei helg. Vi starta torsdagskvelden med bursdagssfeiring for mannen si farmor, fredag hadde vi stor familiemiddag på restaurant, lørdag var vårt lillegull 3 år og i dag har vi vore i 8 års dag til tremenningen til ungane. God å vere saman med familien:) Vi har såklart hatt fokus på vår 3 åring som forøvrig har vore heime frå barnehgaen ei veke med knekt nase!! JA, det går vist an.... ramla utav ein bår i barnehagen og traff nokon steinar! Ho har fått masse fint til bursdagen sin. Favoritten er nok den nye dukka, Annabell. Den søve, suge på smukken, pratar og skrike. Den har vore i armkroken sidan ho pakka den ut:) Sengeteppet sydde mamma til mi dukke då eg var liten.



Elles har eg jo fortalt før at eg er stor fan av treleikar. Dei er solide og har mykje lenger levetid!! Lillesøster fekk frukost sett med brødristar frå Sprell.no frå storebror og storesøster.










Hos mamma fekk ho doktorkoffert frå Ting. Dette og i tre og tekstilar, noko ganske anna enn desse plastgreiene ein får kjøpt. Ho kjøpte og fiskespel i tre.












Storesøster har og fått gåve frå Sprell.no, magnetbokstavar som vi har hengt på kjøleskapet. Her øver ho seg mange gangar for dagen, kjempelurt for ein førsteklasse.







Eg har og kjøpt noko anna frå Sprell men det må bli ein hemmelegheit endå ;) Storesøster har bursdag om ein månad og eg har ein plan!!






Elles er hjortejakta igang. Første helga har vi fått 5, masse god mat til vinteren ;)






Ha ein fin kveld:)

torsdag 1. september 2011

Litt hauststemning:)

Det er så deilig å varme opp huset med mjuke tekstilar, lys og lyng no når dagane vert kortare og temperaturen fell.


Kuskinnlampa har fått plass på kommoden i gangen:)

Den store lykta er kjøpt hjå Slettvoll. Kunne berre ikkje gå forbi;)

Og jammen kom det seg med kvit dør og;) Men som de ser i spegelen....gjenstår nokre:)

Ha ein fin kveld alle saman:)

onsdag 31. august 2011

Stua vår, før og etter...



Stua begynne å bli klar til å vise fram:) Manglar framleis nokre lister, nye brytarar og noko belysning som skal opp, men det kjem etterkvart. Eg må seie eg er veldig nøgd:) Det eg vel er mest nøgd med er løysinga med å sette oppatt veggen slik som det var frå gamalt av. Deilig å ha to stuer sjølv om her ikkje er dør mellom:) Spisebordet og sofaen er mykje brukt akkurat slik eg håpa, lesing, pc, lekser, teikning og selskap. Men det er ikkje til å komme ifrå att vi har mykje
mindre plass enn vi har hatt tidlegare når det kjem til opphaldsromma... Faktisk 45 m2 mindre, og det merkar vi!! Men det skal gå ei stund tenker eg. Tankane for framtida er mange;)

Før:


Etter:







Eg har vore heime idag etter ein smell i ryggen i går som resulterte i vond rygg, nakke og hovud i dag:( Men etter ein del timar på puta kjem det seg, og reknar med å vere fit for fight i morgon! Har altfor mykje jobb til å ligge heime å døse;)

Klem til alle saman:)

tirsdag 30. august 2011

Fram og tilbake, opp og ned!!

Jentene har sidan vi flytta inn hatt felles rom i 1.etasje. Rommet er igrunn to små rom med buegang imellom. Men å sovne i lag er ikkje så lett og når mammaen må springe opp og ned trappa x-antal gonger i løpet av natta til lillesøster, fekk ho til slutt nok! Dermed har lillesøster flytta opp.... Berre for å sove riktig nok... endå. Alle leikane skal vere nede, ser heiltklart at rommet er mykje meir ibruk når det ligg nede i nærleiken av stua. Og så slepp dei opp og ned i den bratte smale trappa vår!


Her er ganske tomt endå, men det skal vi jo gjerne noko med;)

Og som ein stor pluss vart det mykje betre plass til te-selskap med ei seng mindre:)


Hos storesøster:

Etterkvart som jentene vert større, ser eg vel for meg at dei får kvart sitt rom på loftet. Då blir dette kontor/hobby og gjesterom:)

Eg må og seie hjartleg velkommen til alle nye følgerar, kjempe kjekt at de vil besøke meg innimellom;)

Ha ein fortsatt fin dag alle saman, det skal eg: Vi har 15 års jubileum idag;)

søndag 28. august 2011

Storebror sitt rom!

Det er jo alltid artigt med før bilete med veldig dårleg vindu:)


No kan vi vel kalle storebror sitt rom for nokolunde ferdig! Han skal få ny seng og gardin etterkvart og:) Det vil seie han skal ikkje ha gardin men ei oransj rullegardin. Det bestillle vi på mål, så blir det heilt mørkt:) Fargen er kvit lin. På golvet har vi lagt mørkegrå teppefliser, praktisk dersom det kjem flekkar, berre å ta opp den eine å vaske ev. skifte ei!







Til bursdagen sin ønska han seg pengar og fekk ENDELEG kjøpt seg flatskjerm;)

Mannen har nytta helg til å montere varmepumpe, i morgon kjem ein montør og koplar den til og eg forventar ein liten revolusjon på inneklima fronten;) Innedelen heng over vinduet i gangen, den er ikkje pen, men når alternativet er eit kaldt og rått hus til vinteren, kan ein vel leve med den:)


Ha ein fin kveld alle saman:)

tirsdag 23. august 2011

Ein liten lekkerbisk...eller lekkerku!!

Etter eit møte i nabobygda i går måtte eg berre innom ein heilt fantastisk interiørbutikk der. Og gjett om dei hadde masse fint! Denne lekre lampa med skjerm av kuskinn klarte eg ikkje å gå i frå. Dei hadde og nokre aldeles nydelege pallarog barkrakkar med bein i metall og sete i kuskinn. Råkule!!


Ynskjer alle ein fin kveld:)

mandag 22. august 2011

Her kunne eg budd...

Innom å deler litt inspirasjon, det er jammen travle tider!! Inspirasjonen er frå Trivselshus. Hadde nok ikkje vore noko å seie på trivselen her nei.








God kveld alle:)





tirsdag 16. august 2011

Tilbake til kvardagen.

Det har blitt lite blogging i det siste... dei siste dagane i ferien har vore nytta til utflukter, håslått og feiring av 11-åringen vår:) Men no trur eg vi må seie full sjerpings!!! I dag starta kvardagen att. Lillepus hadde sin første dag i ny barnehage i dag, spennande og skummelt på same tid. Imorgon startar storebror i 6. klasse på ny skule og torsdag er det storesøster som skal starte 1.klasse!! Mykje nytt altså:) Eg for min del har hatt 4 veker ferie i eitt i år, det har jammen vore godt etter ein hektisk vår.



I huset får vi gjort litt kvar dag, så det går smått på framover. Opninga til kjøkkenet har fått foringar(som skal malast) og listverk. Vi har bytta dørkarm mellom gang og stue og ventar på ny glasdør.

Sofaen saman med spisebordet er blitt stor suksess!! Vi sitte her det meste av tida;)




Bilete er kome på plass. Dedsse kjøpte eg på reise i Ungarn i fjor.





Vindua er her ikkje liste og fora ut, vi har nytta renoveringsplater... det var ikkje så lurt som byggevarehuset skulle ha det til! Vi får ikkje lagt på noko på 6mm utanpå dei eksisterande foringane, så må nok fore frå vindua... men det er det ikkje plass til..... Mannen er i tenkeboksen!! Han kjem nok på noko lurt;)




Ha ein fin kveld alle saman:)


tirsdag 9. august 2011

Vinnaren av giveaway...

Eg hadde tenkt å trekke vinnaren i går men det gjekk av ulike grunnar ikkje slik, men idag er dagen;) Den hemmelege gåva er her:


4 koslege blomsterkoppar frå Greengate:) Mannen fekk æra av å trekke ut den heldige som vart:

Livy



Den er verkeleg verdt eit besøk:)) Gratulere så masse til vinnaren og tusen takk til alle andre som og deltok!

Ha ein fin kveld alle saman

søndag 7. august 2011

Spennande dag i morgon!!!

I morgon blir det trekning av giveaway!!! Så no er det siste sjanse til å vere med!!

I dag har vi vore i runddagsfeiring til sjefen til mannen.. på stølen hans. Veldig kjekt:) Og ei nydeleg hytte, skulle ønske eg kunne vise bilete;) Vi har og hatt besøk av vener frå Sotra i to dagar, det er alltid like kjekt. Eg har fortsatt 1 veke att av ferien, det er deiligt å berre vere heime med ungane ei stund.

I kveld blir det litt tilfeldige bilete rundt omkring i huset, ein liten teaser altaå;) Ingen rom er vel eigentleg heilt ferdige, med vi får no gjort litt kvar dag:)





tirsdag 2. august 2011

Hekk borte vekk og eit lite opphald...

på bloggen vart det vist. Det var ikkje etter planen, men plutseleg var ferien her:) Vi har vore i Sverige for det meste og nokre dagar i Fredrikstad. Har endeleg besøk Stockholm, for ein flott by altså!! Avslutninga på ferien vart ikkje heilt som tenkt... Lillegullet vårt fekk vannkoppar, og for ei med lågt imunforsvar er ikkje det berre berre!! Vi to fekk sett lite av Fredrikstad... berre sjukehuset og legevakta igrunn. Men no er alt betre og vi kosar oss her heime. Eg har fri til skulane startar!! Deiligt:) Prøver å få gjort litt kvar dag, men blir no litt smått med tre små. I dag har eg som mål å bli ferdig med å legge gulv på det som skal bli kontoret vårt;) Blir jammen godt å få pakka ut av alle kassane med permar, bøker og blad. Vi er heldige her... sidan loftet ikkje er ferdig endå har vi mykje som ikkje er pakka ut, med sidan vi er på garden, har vi rikeleg med oppbevaringsplass utanfor huset. Dermed kan vi ta det litt etter litt;)





Altanen vår er ikkje så stor, men kosleg og delvis overbygd. Vi skal skifte rekkverk og gulv, forhåpentlegvis før hausten kjem.


Ein av dei store forandringane hos oss ser de her!! Den store granhekken er borte!! Så mykje lysare her vart!! Den var blitt enorm både i høgde og breidde. Vi skal sette opp nytt gjerde og hekk, i noko mindre målestokk;)

Ha ein fin dag alle saman:) No kjem sola her;))

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails