søndag 9. mai 2010

Ei vårleg helg.

Endeleg har vi fått smaken av vår:) Om man ser vekk ifrå dei små snøfillene som dala ned i kveld:/ Heldigvis vart dei ikkje liggande denne gongen:) I går luka eg alle bedd, raka plenen og henta ut hagemøblar!! Tenk det, ikkje før langt ut i mai!! Dei vart plassert bak huset, det er fortsatt for kjølig framme på kanten der vi har terrassen. Vi har tenkt å lage ein fin uteplass her og:) I fjor tok dei granskogen i lia bak oss så vi har plutseleg 1.5 timar meir sol her bak:)

I dag har vi vore i gamlehuset og "ribba" tak og vegger på vaskerommet. Vi fekk gjort masse på ein dag:)) Casper kosa seg i hagen med ballen sin. Ungane har gravd i jorda, sykla og pukka blomar. Dei likar seg så god der ute:)
Her er besta sitt stooore staudebedd, sjå kor langt alt er kome der ute. Påskeliljer og pinseliljer blomstrar for fullt no.
Her er litt vår i hagen min her inne mellom fjella, kjem seg her og no:)




Hugs giveaway hos meg:) Trekning neste fredag! Sjå her:)
God kveld alle saman:




2 kommentarer:

  1. Herlige vårbilder fra deg....er en fantastisk årstid dette, men enda er det fare for frost...i natt har det dalt litt hvitt fra himmelen her...så de stakkars hage hortensiane mine liker seg ikke noe særlig....

    SvarSlett
  2. Det ser nydelig ut! Så fine vårbilder du har tatt!! Og headeren din er så fin. Ha en stålende uke og nyt VÅREN ;) Takk for søte ord hos meg, det varmer <3 Klem fra Gry

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails