tirsdag 16. august 2011

Tilbake til kvardagen.

Det har blitt lite blogging i det siste... dei siste dagane i ferien har vore nytta til utflukter, håslått og feiring av 11-åringen vår:) Men no trur eg vi må seie full sjerpings!!! I dag starta kvardagen att. Lillepus hadde sin første dag i ny barnehage i dag, spennande og skummelt på same tid. Imorgon startar storebror i 6. klasse på ny skule og torsdag er det storesøster som skal starte 1.klasse!! Mykje nytt altså:) Eg for min del har hatt 4 veker ferie i eitt i år, det har jammen vore godt etter ein hektisk vår.



I huset får vi gjort litt kvar dag, så det går smått på framover. Opninga til kjøkkenet har fått foringar(som skal malast) og listverk. Vi har bytta dørkarm mellom gang og stue og ventar på ny glasdør.

Sofaen saman med spisebordet er blitt stor suksess!! Vi sitte her det meste av tida;)




Bilete er kome på plass. Dedsse kjøpte eg på reise i Ungarn i fjor.





Vindua er her ikkje liste og fora ut, vi har nytta renoveringsplater... det var ikkje så lurt som byggevarehuset skulle ha det til! Vi får ikkje lagt på noko på 6mm utanpå dei eksisterande foringane, så må nok fore frå vindua... men det er det ikkje plass til..... Mannen er i tenkeboksen!! Han kjem nok på noko lurt;)




Ha ein fin kveld alle saman:)


5 kommentarer:

  1. Blir litt godt med kvardag igjen ja☺
    Vi er spente på Elias sin barnehagestart...går seg nok til, men har er veeeeeeldig skeptisk til andre og vil bere vere med mamman og pappan.... :S

    Lykke til med barnehage/skulestart for dine☺

    Fine bilder frå huset☺
    Regnar med mannen finn på nåke lurt ja☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Hei hei og vel overstått sommerferie ;o) Dere har fått det utrolig fint og det er så moro å se alle bildene fra huset!! Hektiske dager for store og små i disse dager ja :o) Ha en fin dag! Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Hei Ann :)
    Godt på en måte å komme i gang igjen :)
    Mange flotte innlegg her og fine bilder.
    Dere har det bare så koselig ღ nå skal
    jeg ta meg en rundt nedover her hos deg
    og se :) Ønsker deg en flott uke, klem
    fra Mette

    SvarSlett
  4. Så flotte bilder:D Hverdagen er tilbake her også;) Godt det enda er litt sommer igjen heldigvis!

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails