mandag 31. mai 2010

Ny uteplass!

Her er det som de ser nydeleg sommarver:) Og ny uteplass:)

Forlangte fin kant rundt og det var jo ingen sak for ein ekte HANDYMAN:)))
Markisa fekk vi av min svigerfar som driv i den bransjen:)) Den har låge nokre år på lager! Ikkje heilt nøgd med fargen akkurat ( likar ikkje GULT) men den er det inga sak og skifte duk seier svigerfar, så vi får sjå kva det blir til:)) Tanken er ein levegg mot nordavinden på enden....
Flott å sitte her då, blir trekkfullt framme på kanten når gradestokken ikkje har krøpe over 20. Sidan i fjor har dei teke vekk mykje granskog bak oss, så no har vi faktisk ettermiddagssola bak huset og:)



Ha ein flott kveld alle:))

søndag 30. mai 2010

Treng meir utemøblar.....

.....no når terassen vår er ferdig:) Skal prøve å få tatt bilete i sola imorgon. Vi har hatt årets første sommardag med 20 grader. Deiligt!! No so vi har fått endå ein uteplass treng vi ei sittegruppe til:)) Har litt lyst på ei sofagruppe i kunstrotting. Har to stolar og eit lite bord frå før.... så muleg eg eigentleg treng berre ein sofa?!?!






Desse to hadde heller ikkje vore å forakte;)








Ynskjer alle ei flott veke:))

mandag 24. mai 2010

Terasse på impuls?!

Her har pinsa bydd på veldig varierande ver. Fredagen var nydeleg, lørdag stortsett opphald medan i dag kjem det nokre fæle byger innimellom .




Fredag hadde vi nokre vener på grillmiddag på ettermiddagen. Pga. den ikkje fullt så sommarlege temperaturen og vind dekka vi på baksida der vi har litt ly for ver og vind. Vi har tenkt lenge på å lage ein uteplass her men ein del anna som står høgare på lista td. garsjen og maling!




Men så har det seg slik at naboen fekk levert feil materiale til sin terasse... Vi kjøpte den og vips ein godt påbegynt terasse. Vi har terassemarkise liggande på lager hos min svigerfar.. Når dagen i dag er omme satsar eg på at det er klart til å legge bord:)) Det blir jobben neste helg;)




Muleg det blir ein levegg på enden her og;)
I morgon reiser eg på jobbreise igjen, heime torsdag kveld så mulig det blir litt stille her.... men kjem plutseleg tilbake;)
Ha ein fantastisk veke kjære vener;))

søndag 16. mai 2010

17 mai feiring og renovering

Ja, så var vi jammen komen til 17 mai..... imorgon iallefall:)) I dag skal eg bake og stryke bunadsskjorter. Vi startar dagen med stort tog, alle skulane og barnehagane, organisasjonar og lag, og så klart eit lass med russ;) Etterpå skal vi heim å ete rømmegraut, deretter har grendalaget felles samling med leikar, kaffi og kaker her:)) Eg skal bake til den festen.... blir gjerne ikkje så flott som desse kakene... Greitt med platekake når det er så mange som skal ha!







I går var vi i gamlehuset. Veret var fantastisk!!! Endeleg:) Vi "ribbar" innvendig i tilbygget pga. ein lekasje. Så no surrar det rundt i hovudet kva skal vi ha på veggane , listvert, fargar.... Må ta ein del valg no som skal vidareførast i resten av huset og står i stil med dei detajane vi ynskjer å behalde. Håpar berre at snekkaren kjem snart og tar taket utvvendig.. då kan vi sette oppatt veggar og tak innvendig;)





Ynskjer alle ein riktig så flott 17 mai!! Her er det meldt regn men kryssar fingrane for at metrologane tar feil;)

fredag 14. mai 2010

And the winner is....

Mi datter på 4.5 har hatt den store æra å trekke vinnera i giveawayen min:))




Og dei heldige vinnerane er.... trommevirvel takk......:

1. premien går til Villa Minde


Ho får fine premiar frå Lisbeth Dahl:)




2. premie går til Lindas sted


Ho får skilt og sinkhjerte frå IB Laursen
Gratulere så masse til vinnarane, og takk til alle som deltok:))

tirsdag 11. mai 2010

Gåva er klar:)

Her er gåva i min giveaway:)

1. premie er sminke/pengepung, pilleeske og nøkkelring frå Lisbeth Dahl:





Trøstepremien er dette fine skiltet og sinkhjertet frå IB Laursen:)


Om du vil delta følg linken oppe til høgre eller rull nedover på sida:)

Ha ein fin kveld:)

søndag 9. mai 2010

Ei vårleg helg.

Endeleg har vi fått smaken av vår:) Om man ser vekk ifrå dei små snøfillene som dala ned i kveld:/ Heldigvis vart dei ikkje liggande denne gongen:) I går luka eg alle bedd, raka plenen og henta ut hagemøblar!! Tenk det, ikkje før langt ut i mai!! Dei vart plassert bak huset, det er fortsatt for kjølig framme på kanten der vi har terrassen. Vi har tenkt å lage ein fin uteplass her og:) I fjor tok dei granskogen i lia bak oss så vi har plutseleg 1.5 timar meir sol her bak:)

I dag har vi vore i gamlehuset og "ribba" tak og vegger på vaskerommet. Vi fekk gjort masse på ein dag:)) Casper kosa seg i hagen med ballen sin. Ungane har gravd i jorda, sykla og pukka blomar. Dei likar seg så god der ute:)
Her er besta sitt stooore staudebedd, sjå kor langt alt er kome der ute. Påskeliljer og pinseliljer blomstrar for fullt no.
Her er litt vår i hagen min her inne mellom fjella, kjem seg her og no:)




Hugs giveaway hos meg:) Trekning neste fredag! Sjå her:)
God kveld alle saman:




lørdag 8. mai 2010

Giveaway!!!




Då har eg hatt 2000 koslege besøk og det må eg feire:)) Set stoooor pris på alle koslege kommentarar eg har fått! De er berre heilt fantastiske!!


Kjem tilbake til kva gaven er, litt hemmeleg endå;)) Lovar at den skal vere kjempefin!!!


Reglane er som vanleg:


1 lodd ved å legge igjen ein kommentar til dette innlegget.

1 lodd for å legge deg til som følgar.

1 lodd ved å legge meg til på blogglista di på din blogg.


Ein kan altså få tre lodd:) Trekninga vert om ei veke.

torsdag 6. mai 2010

Ein fantastisk butikk

Då er eg omsider heime igjen. Vel... innom iallefall! Tjenestereise igjen imorgon, men berre ein dag då;)

Har vore innom Bergen nokre gonger i det siste. Kjekt etter gamalt (har budd der i ein del år tidlegare)! Fekk endeleg besøkt Studio Kvenum. Og det infridde alle forventningar og litt til!! Og så kjekke folk som jobba der, beklaga rot( som var ein haug friske blomster, til dekorering foreit arrangement!!). Fekk med ein pen pose med både katalog og bok!!!!


Dette er frå butikken i Bergen.

Dei hadde eit avlukke med meir enkel urban stil slik som denne modellen i røkt eik (bilete er ikkje frå Bergen). Der følte min mann seg verkeleg heime:)) Har ein mistanke om at vi no når vi begynne på gamlehuset endar opp med to veldig ulike interiørstilar, men det gjer vel ikkje noko;)
Eg har og besøk Farmors hus og Home and Cottage. Og så klart Riviera Maison:) Her er litt inspirasjon derifrå:




















No har eg snart passert 2000 besøkande og då blir det Giveaway:))
God kveld alle herlege:)





torsdag 29. april 2010

Nydeleg keramikk

God kveld alle saman. Er innom ein liten snartur... Stressar litt kan man seie! Reiser til Sandnes i konfirmasjon i morgon. Eg skal hoppe av i Bergen på veg heim¨, skal på jobb der eit par dagar.



Må berre viser noko av den flotte karamikken frå Herregård design. Spessielt det blå er berre nydeleg!! Så glad for at vi har fått forhandalar av desse flotte tinga her i byen og!















Muleg det blir litt stille nokre dagar sidan eg er på reis, så ynskjer alle ei fin helg:)

tirsdag 27. april 2010

Mai...snart!

Snart er det mai, og i helga skal vi i konfirmasjon. Mamma har i heile april sydd på bunadar! Ny skjorte til seg sjølv, sydd ut min (måtte desverre innsjå at kroppen ikkje er den same som når eg fekk den som 15 åring) og sydd inn min lille Hardangerbunad som eg hadde som barn. No skal mi eldste få den;) Ååå det er så stas!! Eg fekk den av mormor og morfar:) Mamma er fødd og oppvaksen i Hardanger, foreldra er frå Solund. Vi er ein familie der alle damene har bunad. Mamma har Hardangerbunad, er Sunnfjordbunad, mormor og svigerinna mi Sognebunad, to tanter med sunnfjordbunad og ei med Sunnhordalandsbunad. Søskenbarnet mitt har ein frå Rogaland, hugsar ikkje namnet... Kan tru vi er fine samla;))




Her sit eg på kyrkjemuren i Odda som 5 åring:)


Her saman med 3 av mine besteforeldre, besta i Sunnfjordbunad og mormor i Sognebunad



Eg må innrømme at eg synest Hardangerbunaden er den flottaste!! Berre sjå på detaljane:




Ha ein fin dag:)

søndag 25. april 2010

Ein langsiktig plan.

Ute ligg snøen framleis og det er fristar overhode ikkje å gjere noko ute. Derfor sit eg å teiknar og planlegg hagen ved gamlehuset:)) Eg var ute igår og pusla i hagen. Grov fram to rosebedd!! Vi vil flytte på nokre plantar og gjere nokre endringar etterkvart, så vi må ha ein overordna plan å arbeide etter sjølv om mykje i den blir laaaaaangt fram i tid. Vil og tru at planen må ut på høyring og reviderast nokre gonger;)) Når sant skal seiast er vel planen neppe forståelig for andre enn meg! Ein klar sakshandsamingsfeil??;)




Kontrastane frå her inne i fjorden og ute mot havet er for tida ekstreme.... Der er påskeliljene begynnt å blomstre for fullt.



Måtte ha med nokon heimatt:) Nokre enkle og nokre dobble. Vakre ikkje sant? No ska vi på Stardalsdagar og sjå på traktorar:)))



Fortsatt god søndag alle:)

mandag 19. april 2010

Ein award:)


Tusen takk kjære Marthe med bloggen Fruen fra Trondheim og kjære Randi med bloggen Mitt eige Solsystem. No blei eg kjempeglad;))


Awarden skal sendast vidare til 7 andre og eg skal fortelle 7 ting om meg sjølv:

1. Eg er frykteleg morgongretten:(
2. Mannen i mitt liv har vore kjæresten min sidan eg gjekk ut av ungdomsskulen;))
3. Skikkeleg mammadalt!
4. Kan ikkje stryke,.....
5. Er vel igrunn dårleg til å sy og:(
6. Evig romantikar.
7. Kan rett og slett ikkje fordra storbyar....... Likar roen på landet;)

Eg sender awarden vidare til desse flotte bloggane, nokre har sikkert fått den før, så blir ikkje fornærma om den stoppar opp;)

1.Line fra huset på landet

2. Silje sin

3. Hus på solsida

4. Villa Twil

Hadet bra alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails