tirsdag 11. oktober 2011

Mens det bøttar ned..

kan eg jo mimre litt om fine haustdagar:) Bileta er frå forje helg. Eg og jentene hadde oss ein liten tur opp på åsen bak garden vår. Lenge sidan eg har vore her... så MASSE skog det har kome opp, tar altfor mykje av utsikta!! Det er jo prisen ein desverre må betale med lite sau...



Det er ubeskriveleg deilig å ha sol i mange timar om dagen no på hausten i motsetning til inne i fjordane.


Her er frå åsen mot nord..


og mot sør.

Sjå fjellet mamma. Dit vil eg!! - Det skal du få lille venn, må berre bli litt større først;) Lille vennen er litt for tung for mamma sin rygg no, så no må fjellturane tilpasssast hennar bein:)

God natta!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails