tirsdag 25. oktober 2011

Det kjæraste ein har...

er barna!! Derfor er det grusomt når dei verte sjuke!! Dette er igrunn ein interiørblogg og berre det. Vanlegvis brukar eg ikkje vere så privat.... Eg har tidlegare skreve litt om lillesøster som har vore alvorleg sjuk. Etter ein infeksjon fekk ho slått ut imunforsvaret mot bakterielle infeksjonar. Vi går jamnleg til kontroll og kva gong ho vert sjuk er vi på sjukehuset og tar prøvar for å sjå at det vert aktivisert. Til no har ho klart seg gjennom strabasane og veks det forhåpentlegvis av seg iløpet av nokre år. Vi har hatt mange tunge tider med ho og synest i grunn vi har hatt vårt!! Men nei......


Storesøster vart sjuk for halvannan veke sidan. I seinare tid har ho og vore irritabel noko som ikkje er likt ho i det heile... Ho verkte i nakke, skuldrar og øyre. Etter nokre dagar vart ho heilt lamma i venstre side av ansiktet... Vi for på sjukehus med ambulanse, ho følte seg viktig når det kom både bil og to helikopter:) Godt å sjå at hjelpa er nær og i distrikta!! Ho fekk påvist borelia etter ein prøve av beinmargsveska, Det er den lumske bakterien desse f....... flåttane har med seg!!! Ho har no gått på antibiotika ei veke og skal gå ei veke til. Får den intravenøst gjennom veneflon (som forøvrig er j..... å få sette hos ei jente på 6 med sprøyteskrekk, forje tok 4 personar og beroligane og 10 stikk før den sat). Ho får framleis vondt i hovudet for ingenting. Lammelsen er der og men den tar ofte nokre veker før den forsvinne... Bekymra meg eigentleg meir for smertene.... Veit jo at det kan ta laaaang tid før folk verte friske. Nokre får og varige kroniske smerte.... Men vi kryssar alt vi har for at vår prinsesse ikkje er så uheldig, prognosane er gode hos barn!

For dei som ikkje likar denne type terapiskriving får hoppe vidare til neste blogg!! Her har iallefall interiør svært lite å bety for tida!

Har får mange kjekke kommentarar på at eg skrive på nynorsk i det siste, tusen takk:)) For meg fell det heilt naturleg. Har aldri skrive noko anna:) Dessutan syneste eg nynorsk er flott, så det så:))))

No skal eg og prinsessa smøre oss mat og sette oss ut i sola og ete før vi skal til legen for dagens dose!!

Håpar alle får ein god dag!!!

7 kommentarer:

  1. Uffda :( Det var ikkje kjekt!
    Håpe det går bra med ho!! Verste som fins når ungane vert sjuke ja!!!
    Flink jente-fortjenar ein premie etter all den skumle behandlinga :)

    Nynorsk er jo best :)

    Kos dåke i sola-eg ska på seinvakt, typisk!!

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Så forferdelig! Jeg føler med dere og sender mange gode og varme tanker og krysser fingrene for at hun blir fort frisk! Jeg synes absolutt det er lov å skrive om det som opptar en mest på bloggen og slutter slett ikke å følge med av den grunn!
    Jeg synes nynorsk er vakkert både å høre og lese ;o)Ønsker deg og prinsessa en så god dag som mulig og lykke til hos legen. Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Ja, ungane er det kjæraste ein har, og så hjelpeslaus ein kjenner seg når dei blir sjuke!!
    Godt å høyre at hjelpa kom fort...:o)
    Den f.... flåtten altso!!!
    Er det verste eg veit!!
    Håper at det går bra, med begge jentene dine!!!
    Nyt sola og augeblikket saman!

    SvarSlett
  4. Uffda, er noen bedritne dyr.. Og kan gå lenge uten å vite man er bitt:( Min venninne fikk påvist boleria forrige uke også.. Lykke til og god bedring =)

    SvarSlett
  5. Barna er virkelig det kjæreste man har,å det gjør vondt når barna våre har det vondt...Dere har virkelig hatt en prøvende tid med både lillesøster og storesøster,men håper det går seg til å ordner seg til slutt...Ønsker de hvertfall masse god bedring!
    Ønsker dere en god onsdag:)
    Klem Caroline

    SvarSlett
  6. Eg huske at mor mi alltid sa at ho skulle ønske at det var ho som var sjuk når vi som små vart sjuke. Dette kunne eg ikkje heilt forstå, å vere sjuk er bortimot det kjedeligaste som finns.

    Men etter å ha blitt mor til 4 born sjølv, skjønnar eg godt kva ho meinte..... Ingen er oss kjærare enn borna våre.

    Ynskjer masse god bedring til vesla dåkas, og håpar ho frisknar fort til.

    SvarSlett
  7. Hei,håpa det går bra med hon,ofte er det verst for foreldra når ungane er sjuke,for det er det kjæraste vi har.Masse god betring te jenta.
    Eg tykkjer det er kjemte fint at du skriv på nynorsk,er innom ein anna blogg dar ho prøver å skrive bokmål men får det ikkje te,å det ser heilt komisk ut og spesielt når ein veit at ho snakkaa nynorsk,all ære te dei som er stolte nok te å bruke nynorsken.

    Mvh ingvild

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails