Jammen vart det ein liten pause her... bloggtørke kallast det vel! Har berre ikkje orka... heilt dau!! Men sånn er det vel av og til..
I mellomtida har vi feira 6 års dag, og gjett om det var stor stas:) Prinsessa sjølv var i storslag. På bursdagen sin hadde ho jenteselskap og til helga blir det familieselskap. Eg fekk aldri tid til å bake slik eg hadde planar om, men litt vart det no..
Enkelt pynta bord etter hovudpersonens ynskje:)
Gaven ho var mest nøgd med var frå oss. Møblar frå Maileg: bord, benk stolar, komfyr, seng, tørkestativ og strykebrett + balettbarbie. Møblane skal med tida få plass i ein dukkehus eg har tenkt å lage, må berre finne tid først:)
I kveld har eg hatt besøk av ei barndomsvenninde som eg ikkje har truffe på 10-12 år. Kjempehyggleg altså!!!
No skal eg krype i seng. 1 dag att så helg:) God natt alle saman!
Gratulerer med overstått 6 år`s dag til prinsessa♥
SvarSlettKakene såg berre heilt nydelege ut!!!!
Rosa pynt = ☺
Og alt det skjønne Maileg- utstyret ho har fått da!!! Minstejenta her på 7 har samla på Maileg ei tid og vi har laga eit hus av ein kommode. Tatt ut skuffene og malt + tapetesert veggane:)Har eit innlegg om det på bloggen min under MINSTEJENTA,visst du vil sjå;)
Ønsker deg ein fin fredag♥
KLem frå Mette.
Hei igjen...
SvarSlett...innlegget om Maileg er under JULIE;)
Klem Mette.
Gratulerer så mye med prinsessens 6-årsdag! Nydelige kaker, rosa bordpynt og flotte presanger - hva mer kan en ekte prinsesse ønske seg? ;o) Tidvis bloggtørke har nok de fleste av oss av og til, det gjelder bare å ikke la seg "stresse". Blogging skal jo være gøy :o) Ønsker deg en herlig fredag og lykke til med familieselskapet! Klem fra meg
SvarSlettGrattis med prinsessens 6-årsdag!
SvarSlett☼
AW