søndag 21. februar 2010

Håp for skapet?


Det går framover.... har eitt strøk igjen:) Mørke brunt/svart utanpå og eggekvitt inni. Litt usikker på om fargen var litt for brun:/ Men det får eg nok ikkje svar på før det står i dagslys inne i stua. Listene er ferdig kappa og ramma som dei skal festast på er under produksjon;) Sjølvsagt skal dei og bli brune!! Så må eg finne nokre fine knottar. Har funne nokre fine hos Boligfryd, men gidd eg vente på dei i posten. Skal ha meg ein runde i morgon å sjå før eg bestiller.

lørdag 20. februar 2010

Bruktfunntørke!!

Eg har tråla dei bruktbutkkane som er her og Finn.no utan hell!! Jaktar på rimelege bruktfunn som kan verte store skattar...... finn ikkje noko som skrik mot meg: Kjøp meg, mal meg og bruk meg!!! Men det er vel prisen for å bu usentralt. Derfor går eg laust på eit furuskap eg har. Eg beisa det brunt for mange år sidan. Har lenge tenkt på det, men var vel i grunn komen dit at dynga var neste stopp for dette, men no skal det altså få ein siste sjanse i mangelen av noko anna;)) Såg at Charm design hadde gjort noko liknande, men ho hadde eit mykje betre utgangspunkt! Resultatet vart iallefall nydeligt!!!




søndag 14. februar 2010

Sidan sist....

Bloggeaktiviteten har ikkje vore så stor her i det siste.... Vi har hatt det travelt og hatt eit dødsfall i familien. Dermed har lysta vore litt så som så og. Men idag fekk eg ånden over meg:) Starta dagen med å sove lenge før eg tok ein liten skitur med storebror:) Så laga vi krem til fastelavensbollane vi baka igår og pynta muffins og sjokoladekake. Vi har nemleg hatt besøk idag. Vihar feira morsdagen ilag. Litt rart sidan det var første morsdagen utan vår alles kjære besta:( Men vi har mange gode minner etter ei fantastisk god og snill mor, bestemor og oldemor som vi skal leve vidare på!!


Har hatt masse friske blomar i hus i helga, ingen morsdag utan;) Ein favn lys rosa tulipanar og kvite liljer som fyller rommet med herleg duft!
På stua er sommar gardinene komne opp. Litt tidleg kanskje med er så herleg med noko som slepper den varmande sola inn til oss. Vindua ved salongen har fått grå liftgarndiner. Litt usikker på om eg likte det eller ei.... dei får no henge enn så lenge;)

Kjøpte meg og ei ny lykt igår, til 129 kr!!!! Det ser nok litt tomt ut hos meg no..... Vi har ei lita snuppe på 1,5 år som flyttar og ruskar i alt. Reddast det som reddast kan!!!
Ha ei flott veke alle saman:))

lørdag 16. januar 2010

Ein drøm av eit hus!!

Må berre vise dette huset. Fann biletet på Byggmakker si heimeside! Var ikkje dette fantastisk flott??

fredag 15. januar 2010

Lampar

Så var det jammen helg igjen. Denne veka har eg fått lampar på hjernen!! Har så lyst på eit par nye som eg har kikka på.... I samme ånden deler eg eit lite utvalg av mine:)
Denne og ein nesten maken står i vindua i gangen. Dei er i marmor, kjøpte dei på Fretex for 70 kr, skjermen er frå Ikea.


Har 2 sånne i stua. Dei er kjøpt hos Ellos.


Har 2 slike og;) Dei er frå Home Art.

Dette er jo ingen lampe;)) Men måtte ta den med. Fekk den i gåve hos svigermor. God plass til masse rart. Har ikkje heilt bestemt kor den skal stå og kva som skal vere i den, men ideane er mange:)) Tusen takk!!
Ynskjer alle ei fin helg!!

tirsdag 12. januar 2010

Kaffi og te.





Anetteshus http://www.anetteshus.com/ har oppfordra sine lesera til å vise kva man har kaffi og te i. Den utfordringen tar eg:) Eg har kaffi og te i krukker frå Perfect home http://perfecthome.no/. Har veldig lyst på teboksen og:) Eg er veldig glad i krukker!! Så har så klart fleire kaffi og te krukker, desse to fann eg på eit garsjesalg i Nord-Noreg på ferie....





Ha ein flott kveld alle sammen:)

lørdag 9. januar 2010

Dansande huldrer.




Her er jula ute av huset. Og vinteren har for alvor tatt grep om byen vår. Her har vore kaldt, godt over -20 grader og det er mykje her på Vestlandet. Men såååå fasinerandes. Fjorden er full av dansande huldrer.... Dei bølgar inn og ut fjorden i ein alvorleg fart. Dei smyg seg opp over dalsida og legg att eit tjukt kvitt og blenkande teppe over tre og busker. Fantastisk flott å sjå på. Vi er heldige så kan sitte inne i varmen i stua og sjå utover fjorden;)






torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år til alle der ute!



Vi skal feire heime hos oss saman med mi mor og hennar kjæreste. Det gler vi oss til. Deler litt bilete av bordet( lysa kunne eg nestan ikkje tende før gjestane kjem:)) og av våre små festpynta barn.




Ynskjer alle eit riktig godt nytt år:)








onsdag 16. desember 2009

Familiens julebok






Jula 2001 var første jula vi skulle feire hos oss sjølv. Då fekk eg denne flotte boka av mamma. Her skriv ein om adventstida og jula for kvart år. Kven man har kjøpt pakkar til , sendt og fått kort av, kva kaker ein har baka og kva man skal hugse til neste år. Kvar dag har litt plass der ein kan skrive kva som vart gjort denne dagen. Så klart er det plass til litt bilete og:) Kjempefin og kjekk bok. Trur det blir moro for ungane å bla i denne når dei vert vaksne:)








søndag 13. desember 2009

3. søndag i advent



I dag har eg baka 2 sortar og pussa sølv. Elles har dagen gått til avslapping og opplading til ei ny veke. Eldstemann har gått Lucia idag saman med nokre vener å delt ut lussekattar. Som ein kan sjå har eg ikkje all verden med sølvtøy.... Skulle gjerne hatt litt meir bestikk!! Nokon seier det er lurt å gifte seg:) Noko sølv er arva, noko gåver og anna er frå bruktbutikk. Den nydelege smørbrødklypa fekk eg for 50 kr!!! Stettfatet til 30(!!!!!) pga av nokre flekkar i. Fretex og NMS gjenbruksbutikkar kan vere skattekister er mi erfaring.


Riktig god ny veke alle!!

torsdag 10. desember 2009

Lilla adventstid.

Her hos oss er advent lilla. Vel kjøkkenet får vere litt raudt... Har tatt litt bilete rundt i stua idag. Ikkje noke overdådig nedlesing av lilla gardiner puter, gardiner, lys og liknande men ein liten dæsj her og ein liten dæsj der. Gjerne saman med litt bling:)) Som tidlegare sagt eg er litt som kråka;)


















søndag 6. desember 2009

Julekaker



Vi er så vidt komen igang med julekakebakinga her i huset. Nokre dagar før advent baka vi peparkakehjerter med vindu i, som heng i vindua på kjøkkenet. Vindua er laga av smelta syrlege drops:)


Igår baka eg og jentene julemannar. Denne oppskrifta har eg fått av mormor. Når eg var lita budde dei i Hardanger. Dei kom alltid til oss nokre dagar før jul. Hugsar så godt at ho vekte meg veldig tidleg om morgonen og så baka vi julemannar;)) Dette er dei aller beste synest eg, MJUKE inni:)


Når ungane såg Jul i svingen, tenkte eg at eg skulle som snarast bake nokre nøttetoppar! Vel, hastverk er lastverk!! Dei blei for blaute og flaut utover i staden. Ser meir ut som kjeks!! Men mannen i huset forsikra at dei var nett like gode:)


I dei neste 10 dagane blir nok jula skua litt til sides, ein eksamen står for tur!! Men neste lørdag skal vi på julehandel til byn, om alle er friske:))










lørdag 5. desember 2009

Inspirasjon: adventsstake

Var å kikka litt på Kremmerhuset sine nettsider. Der fann eg masse inspirasjon for korleis man kan "dandere" adventsstaken/lysa.
Det må jo ikkje vere lilla eller raudt. Synest desse var veldig fine.
Min favoritt trur eg:)








mandag 2. november 2009

Litt av kvart.

Her kjem eit lite bilderas frå dei siste vekene. Har småpusla med diverse innimellom alle virusa som svirrar i lufta for tida:/
Laga ein oppsats til å pynte trappa med: sibirkornell, japans viftelønn, mose og epler.
Hadde eit par messinglysestakar ståande innerst i skapet. Etter ein omgang med kvit spraymaling har dei fått komme fram i lyset igjen.
Har kjøpt ei ny hylle på stua, skulle igrunn ha den på kjøkkenet men synest den vart for stor der eg ville ha den.








Til slutt eit bilete frå ein nydleg haustmorgon frå vår altan!!

fredag 30. oktober 2009

Lenge sidan sist!!


Stikke berre innom for å ønske alle ei god helg! Her i huset har vi vore sjuke i det siste! Ser ikkje ut til at det er heilt slutt endå heller:( Kjem sterkare tilbake seinare!
God helg til alle sammen!

tirsdag 13. oktober 2009

Ei utfordring.

Eg har fått ei utfordring av http://neet-on-net.blogspot.com/:))

Denne var litt kosleg og her e mine svar:

1. Skriv 3 ting du hugsar som om det var igår:
  • Første gang min kjære ba meg på date:)
  • Øyeblikket etter eg fann ut at eg var gravid med eldstemann.
  • Den gongen då eg vandra inn i Grieghallen på velkomstsermoni for nye studentar ved UiB.

2. Skriv tre ting du misliker:

  • Baksnakking.
  • Slaps
  • Folk som tar sitt dårlege humør ut over andre uskuldige.

3. Skriv tre ting du liker godt:

  • Tilbringe tid med min mann og barn.
  • Bilturar med nydeleg utsikt:) Flaks at eg har masse av det i jobben min!
  • Stelle i hagen.

4. 3 bloggar du besøker dagleg:

5. Skriv tre sanger du høyre på for tida:

  • Beyonce - Sweet dreams
  • Sivert Høyem - Moonlanding
  • Alan Jackson - Midnight in Montgomery

6. 3 tv-program du følge med på:

  • Akutten
  • Greys
  • Tudors

7. Skriv tre du vil sende denne vidare til:

Ha ein fin kveld:)

mandag 5. oktober 2009

Før og no











I dag har storesøster 4 års dag. Vi har feira i fleire dagar:) Tenkte berre å vise noko artigt!! Av farfar fekk ho ny dukkevogn (stod på mammaens ønskeliste)! Det er ei Briovogn. Desse skal ifølge butikken no desverre utgå, så løp og kjøp. For 25 år sidan fekk eg mi Brio dukkevogn!! Den var i burgunder fløyel. Mamma sydde vognteppe til meg og venninda mi som hadde samme, men rød. Måtte ta nokre bilete av vognene ilag:)) Mi er brukt som ein kjær pyntegjenstand pga eit litt defekt hjul.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails