er barna!! Derfor er det grusomt når dei verte sjuke!! Dette er igrunn ein interiørblogg og berre det. Vanlegvis brukar eg ikkje vere så privat.... Eg har tidlegare skreve litt om lillesøster som har vore alvorleg sjuk. Etter ein infeksjon fekk ho slått ut imunforsvaret mot bakterielle infeksjonar. Vi går jamnleg til kontroll og kva gong ho vert sjuk er vi på sjukehuset og tar prøvar for å sjå at det vert aktivisert. Til no har ho klart seg gjennom strabasane og veks det forhåpentlegvis av seg iløpet av nokre år. Vi har hatt mange tunge tider med ho og synest i grunn vi har hatt vårt!! Men nei......

Storesøster vart sjuk for halvannan veke sidan. I seinare tid har ho og vore irritabel noko som ikkje er likt ho i det heile... Ho verkte i nakke, skuldrar og øyre. Etter nokre dagar vart ho heilt lamma i venstre side av ansiktet... Vi for på sjukehus med ambulanse, ho følte seg viktig når det kom både bil og to helikopter:) Godt å sjå at hjelpa er nær og i distrikta!! Ho fekk påvist borelia etter ein prøve av beinmargsveska, Det er den lumske bakterien desse f....... flåttane har med seg!!! Ho har no gått på antibiotika ei veke og skal gå ei veke til. Får den intravenøst gjennom veneflon (som forøvrig er j..... å få sette hos ei jente på 6 med sprøyteskrekk, forje tok 4 personar og beroligane og 10 stikk før den sat). Ho får framleis vondt i hovudet for ingenting. Lammelsen er der og men den tar ofte nokre veker før den forsvinne... Bekymra meg eigentleg meir for smertene.... Veit jo at det kan ta laaaang tid før folk verte friske. Nokre får og varige kroniske smerte.... Men vi kryssar alt vi har for at vår prinsesse ikkje er så uheldig, prognosane er gode hos barn!
For dei som ikkje likar denne type terapiskriving får hoppe vidare til neste blogg!! Her har iallefall interiør svært lite å bety for tida!
Har får mange kjekke kommentarar på at eg skrive på nynorsk i det siste, tusen takk:)) For meg fell det heilt naturleg. Har aldri skrive noko anna:) Dessutan syneste eg nynorsk er flott, så det så:))))
No skal eg og prinsessa smøre oss mat og sette oss ut i sola og ete før vi skal til legen for dagens dose!!
Håpar alle får ein god dag!!!