torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år til alle der ute!



Vi skal feire heime hos oss saman med mi mor og hennar kjæreste. Det gler vi oss til. Deler litt bilete av bordet( lysa kunne eg nestan ikkje tende før gjestane kjem:)) og av våre små festpynta barn.




Ynskjer alle eit riktig godt nytt år:)








onsdag 16. desember 2009

Familiens julebok






Jula 2001 var første jula vi skulle feire hos oss sjølv. Då fekk eg denne flotte boka av mamma. Her skriv ein om adventstida og jula for kvart år. Kven man har kjøpt pakkar til , sendt og fått kort av, kva kaker ein har baka og kva man skal hugse til neste år. Kvar dag har litt plass der ein kan skrive kva som vart gjort denne dagen. Så klart er det plass til litt bilete og:) Kjempefin og kjekk bok. Trur det blir moro for ungane å bla i denne når dei vert vaksne:)








søndag 13. desember 2009

3. søndag i advent



I dag har eg baka 2 sortar og pussa sølv. Elles har dagen gått til avslapping og opplading til ei ny veke. Eldstemann har gått Lucia idag saman med nokre vener å delt ut lussekattar. Som ein kan sjå har eg ikkje all verden med sølvtøy.... Skulle gjerne hatt litt meir bestikk!! Nokon seier det er lurt å gifte seg:) Noko sølv er arva, noko gåver og anna er frå bruktbutikk. Den nydelege smørbrødklypa fekk eg for 50 kr!!! Stettfatet til 30(!!!!!) pga av nokre flekkar i. Fretex og NMS gjenbruksbutikkar kan vere skattekister er mi erfaring.


Riktig god ny veke alle!!

torsdag 10. desember 2009

Lilla adventstid.

Her hos oss er advent lilla. Vel kjøkkenet får vere litt raudt... Har tatt litt bilete rundt i stua idag. Ikkje noke overdådig nedlesing av lilla gardiner puter, gardiner, lys og liknande men ein liten dæsj her og ein liten dæsj der. Gjerne saman med litt bling:)) Som tidlegare sagt eg er litt som kråka;)


















søndag 6. desember 2009

Julekaker



Vi er så vidt komen igang med julekakebakinga her i huset. Nokre dagar før advent baka vi peparkakehjerter med vindu i, som heng i vindua på kjøkkenet. Vindua er laga av smelta syrlege drops:)


Igår baka eg og jentene julemannar. Denne oppskrifta har eg fått av mormor. Når eg var lita budde dei i Hardanger. Dei kom alltid til oss nokre dagar før jul. Hugsar så godt at ho vekte meg veldig tidleg om morgonen og så baka vi julemannar;)) Dette er dei aller beste synest eg, MJUKE inni:)


Når ungane såg Jul i svingen, tenkte eg at eg skulle som snarast bake nokre nøttetoppar! Vel, hastverk er lastverk!! Dei blei for blaute og flaut utover i staden. Ser meir ut som kjeks!! Men mannen i huset forsikra at dei var nett like gode:)


I dei neste 10 dagane blir nok jula skua litt til sides, ein eksamen står for tur!! Men neste lørdag skal vi på julehandel til byn, om alle er friske:))










lørdag 5. desember 2009

Inspirasjon: adventsstake

Var å kikka litt på Kremmerhuset sine nettsider. Der fann eg masse inspirasjon for korleis man kan "dandere" adventsstaken/lysa.
Det må jo ikkje vere lilla eller raudt. Synest desse var veldig fine.
Min favoritt trur eg:)








mandag 2. november 2009

Litt av kvart.

Her kjem eit lite bilderas frå dei siste vekene. Har småpusla med diverse innimellom alle virusa som svirrar i lufta for tida:/
Laga ein oppsats til å pynte trappa med: sibirkornell, japans viftelønn, mose og epler.
Hadde eit par messinglysestakar ståande innerst i skapet. Etter ein omgang med kvit spraymaling har dei fått komme fram i lyset igjen.
Har kjøpt ei ny hylle på stua, skulle igrunn ha den på kjøkkenet men synest den vart for stor der eg ville ha den.








Til slutt eit bilete frå ein nydleg haustmorgon frå vår altan!!

fredag 30. oktober 2009

Lenge sidan sist!!


Stikke berre innom for å ønske alle ei god helg! Her i huset har vi vore sjuke i det siste! Ser ikkje ut til at det er heilt slutt endå heller:( Kjem sterkare tilbake seinare!
God helg til alle sammen!

tirsdag 13. oktober 2009

Ei utfordring.

Eg har fått ei utfordring av http://neet-on-net.blogspot.com/:))

Denne var litt kosleg og her e mine svar:

1. Skriv 3 ting du hugsar som om det var igår:
  • Første gang min kjære ba meg på date:)
  • Øyeblikket etter eg fann ut at eg var gravid med eldstemann.
  • Den gongen då eg vandra inn i Grieghallen på velkomstsermoni for nye studentar ved UiB.

2. Skriv tre ting du misliker:

  • Baksnakking.
  • Slaps
  • Folk som tar sitt dårlege humør ut over andre uskuldige.

3. Skriv tre ting du liker godt:

  • Tilbringe tid med min mann og barn.
  • Bilturar med nydeleg utsikt:) Flaks at eg har masse av det i jobben min!
  • Stelle i hagen.

4. 3 bloggar du besøker dagleg:

5. Skriv tre sanger du høyre på for tida:

  • Beyonce - Sweet dreams
  • Sivert Høyem - Moonlanding
  • Alan Jackson - Midnight in Montgomery

6. 3 tv-program du følge med på:

  • Akutten
  • Greys
  • Tudors

7. Skriv tre du vil sende denne vidare til:

Ha ein fin kveld:)

mandag 5. oktober 2009

Før og no











I dag har storesøster 4 års dag. Vi har feira i fleire dagar:) Tenkte berre å vise noko artigt!! Av farfar fekk ho ny dukkevogn (stod på mammaens ønskeliste)! Det er ei Briovogn. Desse skal ifølge butikken no desverre utgå, så løp og kjøp. For 25 år sidan fekk eg mi Brio dukkevogn!! Den var i burgunder fløyel. Mamma sydde vognteppe til meg og venninda mi som hadde samme, men rød. Måtte ta nokre bilete av vognene ilag:)) Mi er brukt som ein kjær pyntegjenstand pga eit litt defekt hjul.

onsdag 30. september 2009

I paradis
















I dag var eg ute å farta i jobben min, er stadig vekk det:) Måtte berre stoppe innom ein av dei finaste interiørbutikkane her omkring. Den heiter Blomstertorget og ligg i Dale i Fjaler. Ikkje verdas navle men ein flott interiørbutikk har dei. Dei har mange varer som ikkje andre har:) Tok litt bilete:))

tirsdag 29. september 2009

Mine skattar

Eg er av dei som aldri kunne tenke meg å fylle opp mitt nye hus med berre nye ting. Ting skal ha sjel, gode minner!! Eg er så heldig å ha to bestemødre som har vore flittige å brodere og strikke. I tillegg har eg fått arve litt etter oldeforeldra mine. Synest det er så kosligt å ha ting rundt meg som minner meg om mine røtter og min barndom:) Ein god nummer to er ting eg finn på bruktbutikkar. Eg elskar å gå på skattejakt hos t.d. Fretex.








Eit "avlastningsbord" laga av enden på oldeforeldra mine sitt spisebord. Eit gamalt radiobord som min bestefar laga på snikkarskule som 15 åring:) Mitt kupp frå Fretex som eg har pussa opp!!!





Løparen er det oldemora mi som har strikka. Den store duken har mi kjære mormor brodert. Siste bildet er litt av detaljane på duken.

fredag 25. september 2009

Nytt frå Slettvoll.


Synest Slettvoll har fantastisk mykje fint. Fargane no i haust, litt duse varme tonar, passar meg godt. Haustens nyhende er no å finne på sida til Slettvoll http://www.slettvoll.no/

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails