
Alle bileta idag er frå fagre Stryn!! Ein vakker kommune,verdt eit besøk for dei som ikkje har vore der. Hausten er så definitivt komen. Det regnar og bles, det er surt og kaldt. Men hausten er så mykje meir: Flotte fargar, sauer på innmarksbeite, store flotte elvar og fossefall, epler og plommer. Og kjem sola fram ein tur så er hausten den desidert finaste årstida spør du meg!
Ha ein fin kveld, eg skal nyte den sofakroken med teen min, medan det piskar på ruta!