tirsdag 30. november 2010

Pepperkakehjerte med vindu!!

I dag har vi vore hos mamma og baka pepperkaker. Vi har laga hjerte vi skal henge i vinduet. Midt i dei har vi laga vindu med raudt "glas". "Glaset" er smelta bringebær drops.




Eg har ikkje vore nokon flink medbloggar i det siste... har det veldig travelt!! Men skal komme sterkare tilbake;)

No skal eg heim å legge trøtte born;)) Ha ein fin kveld alle saman!!

lørdag 20. november 2010

Julemagasin:)




Det er så kosleg med alle julemagasina no før jul:) Høgdepunktet for min del er Interiørmagasinet!! Dei har alltid så masse fint å sjå. Eg er veldig glad i ei i blanding mellom nytt og gamalt, klassisk og nostalgisk. Dermed er Interørmagasinet mitt i mi gate;)
Ha ein fin lørdag alle!!


tirsdag 16. november 2010

Adventskalender.

Det er jammen ikkje berre berre å finne på adventsgavar til 3 ungar som skal vere fengande og spennande og ikkje likt ifjor... Tips nokon?? Det blir ofte såpebobler, småleikar, hårpynt, lommelykter, forkle o.l. I år trur eg vi skal legge inn litt aktivitetar og. Badehallen, kino og juleforestillinga kanskje?



Denne adventsnissen er eldstemann sin. Mormora har laga den;)) No jobbar ho på spreng for å få ferdig ei nissekone til storesøster på 5!! Gjett om ho blir glad då!

Ha ein flott kveld alle saman;)

mandag 15. november 2010

I`m back!!





Her har det jammen vore travelt i det siste, så har desverre ikkje vore så aktiv i Blogglandia i det siste:) Denne helga har vi besøkt gamle vener og naboar på Sotra! Kjempekjekt både for store og små;)) Idag har eg lagt med litt bilete frå jula ifjor. Kjenner julestemninga er i "emning" no;)) No er det jobben med 3x24 småpakkar som skal pakkast inn som som står for tur! Fekk ikkje flytta bileta etter eg hadde lasta dei inn... fleire med det problemet??

Ynskjer alle ein fin kveld:)







søndag 7. november 2010

Helga over igjen...

Nok ei helg er over:/ Det går vel fort synest eg! Snart er det
adventstid og;)) Denne helga har vi vore på den årlege sauehauefesten i grendalaget. For å seie det slik Etter ein sånn artig kveld med alle våre flotte naboar vert ikkje valget (forje innlegg) enklare... Tida får vise! Legg med litt inspirasjon frå Villa Collection. Nydlege duse fargar!!










God kveld alle saman:)


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails