Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg

torsdag 6. oktober 2011

Tørke, rosa kake og Maileg

Jammen vart det ein liten pause her... bloggtørke kallast det vel! Har berre ikkje orka... heilt dau!! Men sånn er det vel av og til..

I mellomtida har vi feira 6 års dag, og gjett om det var stor stas:) Prinsessa sjølv var i storslag. På bursdagen sin hadde ho jenteselskap og til helga blir det familieselskap. Eg fekk aldri tid til å bake slik eg hadde planar om, men litt vart det no..



Enkelt pynta bord etter hovudpersonens ynskje:)


Gaven ho var mest nøgd med var frå oss. Møblar frå Maileg: bord, benk stolar, komfyr, seng, tørkestativ og strykebrett + balettbarbie. Møblane skal med tida få plass i ein dukkehus eg har tenkt å lage, må berre finne tid først:)
I kveld har eg hatt besøk av ei barndomsvenninde som eg ikkje har truffe på 10-12 år. Kjempehyggleg altså!!!

No skal eg krype i seng. 1 dag att så helg:) God natt alle saman!

søndag 11. september 2011

Feiring i fleire dagar...

Dette har vore litt av ei helg. Vi starta torsdagskvelden med bursdagssfeiring for mannen si farmor, fredag hadde vi stor familiemiddag på restaurant, lørdag var vårt lillegull 3 år og i dag har vi vore i 8 års dag til tremenningen til ungane. God å vere saman med familien:) Vi har såklart hatt fokus på vår 3 åring som forøvrig har vore heime frå barnehgaen ei veke med knekt nase!! JA, det går vist an.... ramla utav ein bår i barnehagen og traff nokon steinar! Ho har fått masse fint til bursdagen sin. Favoritten er nok den nye dukka, Annabell. Den søve, suge på smukken, pratar og skrike. Den har vore i armkroken sidan ho pakka den ut:) Sengeteppet sydde mamma til mi dukke då eg var liten.



Elles har eg jo fortalt før at eg er stor fan av treleikar. Dei er solide og har mykje lenger levetid!! Lillesøster fekk frukost sett med brødristar frå Sprell.no frå storebror og storesøster.










Hos mamma fekk ho doktorkoffert frå Ting. Dette og i tre og tekstilar, noko ganske anna enn desse plastgreiene ein får kjøpt. Ho kjøpte og fiskespel i tre.












Storesøster har og fått gåve frå Sprell.no, magnetbokstavar som vi har hengt på kjøleskapet. Her øver ho seg mange gangar for dagen, kjempelurt for ein førsteklasse.







Eg har og kjøpt noko anna frå Sprell men det må bli ein hemmelegheit endå ;) Storesøster har bursdag om ein månad og eg har ein plan!!






Elles er hjortejakta igang. Første helga har vi fått 5, masse god mat til vinteren ;)






Ha ein fin kveld:)

lørdag 16. oktober 2010

Barbiekake og barneselskap...

I går hadde vi ikkje mindre enn 16 ungar på besøk her!! Storesøster hadde barneselskap:)) Har lenge tenkt å prøve å lage ei Barbiekake og i går fekk eg tid til det:) Tja... Heilt vellukka vart den kanskje ikkje, men uttrykket til prinsessa då eg tok den ut av kjøleskapet var vert alt strevet og frustrasjon over sukkermassen som vart uformeleg og at skjørtet datt ihop!! God var ho og om eg så skal seie det sjølv;))



Barnebursdagar og papptallerkar er genialt!! Hadde kjøpt fine rosa med polkadottar frå Rice og skjønne prinsesse serviettar frå Sia. Brukte vanlege glas, har eitt mindre i dag;))) Duken er av papir, kosleg å legge fargestiftar utover så kan ungane dekorere duken etterkvart:))


Ha ein fin lørdag alle saman:))


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails