søndag 27. februar 2011

Det kjeme seg!!

Denne helga har og gått med til oppussing i Gamlehuset! Denne helga har vi fått nytt gulv, gulvlister, ventilatorhette (ikkje heilt ferdig då) og malt ferdig innreiinga.

Slik ser gulvlistene ut. Dei er eigen komponert. Lurte lenge på å gjere det i huset når vi bygde men vi hoppa over... Det har vi angra på så no får vi gjort det i gamlehuset:) Platene på veggen vart plassert litt oppå veggen. Så la vi ei mdf-list mellom platene og golvet og mala den, deretter dekorlit i skøyten mellom vegg og list og så avslutta vi med gulvlist nederst. Det vart såå fint, kjempenøgd:)



Har og mala soklane på kjøkkenet og lista rundt. Nokon som ser kva gulv vi har valgt???
Så har vi laga ventilatorhette. Den er ikkje ferdig endå, skal på litt lister og dilldall først:) Til min manns store frustrasjon har eg (LES: igjen) bestemt meg for å endre litt på hyllene:) Til høgre for hetta kjem det muligens nokre glasskap og! Neste helg trur eg vi på få på taklister:))

Må berre minne om før.....


No skal eg finne senga og kvile litt før jobb imorgon igjen! Nattinatt!!

torsdag 24. februar 2011

Kjøkken undervegs...

Akkurat no jobbar eg med korleis ventilatorhetta skal sjå ut... vi har planar om å bygge den sjølv. Trur og vi skal bygge benk under vinduet. Imorgon skal vi stad å handle listverk og hente golva, gler meg til å få eit funksjonelt kjøkken:)) Blir spennande å sjå om vi verte nøgde med nytt gamalt kjøkken då, blir litt ein av ein overgang! Det eg kjem til og sakne mest med vårt hus er takhøgda!! Her e så luftigt å lyst:) Huset har vi no godteke eit bud på og skal skrive kontrakt neste veke. Blir godt å kunne ha fokus på Gamlehuset og alt som skal gjerast der.




Dette er eit nydeleg kjøkken synest eg. Fann det på Finn.

Elskar fargen på dett.. og takhøgda;)




Dette er og eit lekkert kjøkken som stod på trykk i Interiørmagasinet (trur eg) for litt sidan. No skal eg teikne litt til;)
Klem til alle!!

søndag 20. februar 2011

Ferdig plata kjøkken!!

Då var ei helg beståande av masse arbeid og ein anelse vår over. Vi er endeleg ferdig med å plate og male kjøkkeneti Gamlehuset. Vi starta som kjent i fjor, men det har vore litt stillstand ei stund no. Men no er det klart til å starte listing og gulvlegging! Trur alt verte så mykje betre berre kjøkkenet vert funksjonelt..

Slik så det ut i denne enden før....


Og no... Fargen heiter kvit lin. Vi skal ha ganske kraftige og breie lister. Og ikkje minst nye dører! Men vi skal jukse litt... oppskrifta kjem etter kvart:)

Veret har vore fantastisk med strålande sol og mellom 0 - 2 grader. Snøklokkene er på fullfart fram..... HERLEG!!!

No tar eg kveld for å pleie min dårlege hals som kom som kasta på meg i dag....
Natta;)





fredag 18. februar 2011

Meir renovering...

Då var det jammen helg igjen!! Skal seie tida går fort. Mange heldige begynne på vinterferie og no. Heldiggrisar! Eg skal som tidlegare fortalt begynne jobb i april så eg har ikkje tid til ferie no om eg skal klare å bli klar med alt eg bør få gjort før jobbskifte..



I morgon reise vi ut til gamlehuset for å gjere det litt meir bebueleg... Håpar å kunne vise litt endringar over helga:)
Ha ein fin kveld alle saman!!

onsdag 16. februar 2011

Vårteikn..

Må seie det er herleg å sjå sola i mange timar om dagen! Det dryppe frå taket og med tulipanar på bordet kan eg kjenne at våren er like rundt hjørnet! No skal det seiast at vi har rekord mykje snø som skal smelte i år... har ikkje opplevd makan trur eg.



Ein liten solstråle;)


Og ein litt større...

Herlege rosa tulipanar!
Så kjekt å sjå at de er innom sjølv om eg er litt travel og ikkje får vere så aktiv på bloggen for tida! Ynskje alle ein god kveld. Eg skal legge minstejenta og så vente på dei to eldste som køyrer storslalom renn i kveld! HEIA!!!!

torsdag 10. februar 2011

Endeleg ein snekkar!!

Har endeleg fått tak i ledig snekkar som skal skifte vindu og fikse tak i gamlehuset!! LYKKE!!! Då kan vi endeleg få gjort noko;) Vi har hatt nokre fleire visningar, så får sjå korleis det går:)







Dette rommet skal og få nytt vindu!!
No e da natta for min del, nattinatt;))

lørdag 5. februar 2011

Sommar...snart;)

Nei og nei, fotoapparatet har teke kveld!!! Krise!! Som bloggar verte ein jo heilt hjelpelaus;) Godt arkivet er stooort då. Ute snøa det, tar ingen ende! Då e da deiligt å drømme seg vekk, heilt til sommaren:) Her er bilete frå det som blir vår nye heim. Desverre er ikkje hagen det den eingang var. Besta var ein kunstnar når det kom til blomar og hage;) Hugs faktisk at det stoppa turistar og tok bilete av hagen då eg var liten;))



Dette biletet er faktisk frå pappa sin hage rett over oss. Denne japanske blodlønnen fekk eg i dåpsgave. Den er blitt ekstremt stor, mykje større enn dei skal bli;)


Massevis med blå Iris.


Dette bilete er teke frå pappa sin plen.



Slik ser det ut under slåtten.


Hellegang frp vegen og bak huset.




Hengeblodbøk



Og mange mange syrinar som sprer herleg duft i heile hagen;)
Ha ei fortsatt fin helg alle saman:))

torsdag 3. februar 2011

Planlegging..

Berre ein snartur innom og seier hei, og deler litt inspirasjon;) Her er det trevelt... Vi har bestillt golv i Gamlehuset, litt tapetar og gjort nokre fargeval!! Kjem tilbake med meir om det etterkvart... Som sagt tidlegare, det blir oppussing på lågbudsjett. Vi må jo først vere sikker på at vi trivast og så om huset er "renoverbart". Det begynne å gå opp for oss at vi flyttar frå eit nytt hus med høg standard, til eit gamalt med heller skrøpeleg standard:/ Godt det er sommar når vi skal flytte;) Men vi skal no klare å få det kosleg berre vi får tetta div. lekasjar ffyst:))










Ynskjer alle ein god dag;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails