Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg

lørdag 14. april 2012

Moro med barna

Etter inspirasjon frå Foreldremanualen er vi i gang med å lage artige oppbevaringskrukker. Det er så enkelt som sytetøyglas men dyr limt på lokket med limpistol. Vi har såklart valgt gårdsdyr.Desse skal så spraymalast i ønska farge. Her ute i perifirien er det slik at butikken ikkje alltid har inne det du vil ha tak i, så dei står her på vent til den lokale fargehandelen har fått inn spraymaling.Satsar på eg får tak i den idag:)





idag skal vi så erteblomster og litt grønnsaker. Planen er å lage ein liten grønnsakshage ute og. får sjå kor langt vi kjem med det denne helga. Vi har fortsatt MASSE ved igjen som må takast og så ein halvferdig sandkasse som treng sand og fiberduk.




Ha ei nydeleg vår helg alle saman:)

tirsdag 10. april 2012

Nydelege jenterom

Litt inspirasjon på ein regnfull kveld:)











God natta alle!

mandag 21. november 2011

Lekkert frå Living

Må berre vise desse bileta frå Living! Meget lekkert altså!! Living har fått mykje kritikk for å kopiere Slettvoll (og andre kjende merke). Kanskje spessielt av Slettvoll sjølv... Vi ser jo alle likskapen! Eg må seie eg er litt usikker på kva eg meinar.. Eg tenker som så at vi igrunn alle lånar idear frå kvarandre heile tida... Men her snakkar vi muligens kopi?? Jaja, lar det vere opp til andre å bedømme, fint er det alikevel. Og kvalitetsmessig og service trur eg ikkje Living kan når heilt opp nei:) For Slettvoll er det jo eigentleg eit stor seier at andre vil ha det dei har laga!





Ha ein fin dag vidare:)

fredag 7. oktober 2011

Eg drøymer....

om store rom med luftig uttrykk. Er det noko eg savnar med vårt "gamle" hus så er det takhøgda... Det gjere noko med romfølelsen! No skal det seiast at det huset var vesentleg større enn dette. MEN: vi skal nok klare å bu her ei stund, så får vi anten bygge på eller bygge nytt;) Her er litt lekkert, som er heilt i min smak:

















Fredag er lik heimekos:) Ha ein deilig fredag!!

torsdag 22. september 2011

Soveromsdraumar...

Dagane går jammen fort! Eg har vore åleine heime med ungane i 3 dagar, så tida strekk liksom ikkje til anna enn det nødvendige.

Etterkvart som haustmørket kryp over oss og det ular og stormar ute, så kjenner eg behovet vert større og større for å fikse soverommet vårt! Det er ikkje så koslegt med rosa blomster, tapet som ramlar ned og morkent teppe! Så er det det store spørsmålet, korleis skal det bli?? Rommet er ganske stort ca. 16 - 17 m2 med takhøgde på 2,70. Så her er heilt klart eit bra utgangspunkt.

Dette rommet er jo berre lekkert!




Litt meir lux!



Krølle seg saman oppi her saman med elgen i haustmørket er ikkje feil!







Meget delikat...




Litt mykje hotellfeeling kanskje?!




Som mange hos mange andre er dette soverommet ein klar favoritt!!



MEN: Først får eg gjere ferdig 3 gangar og trappa. Trappa skal vi prøve å pusse for så å male den...


Ha ein fin dag alle saman:)










onsdag 14. september 2011

Grovinngang


Dagane flyr avgårde... Kor blir det av tida igrunn!? Vi har ein masse prosjekt på gang. Det kjekkast er vel at vi endeleg er begynt på grovinngangen. Det skal jammen blir godt. Gler meg til masse knaggar og plass til sko! Litt inspirasjon må ein ha, planane er klare :)




Inspirasjonen i kveld er rett og slett frå Bohus (kommoden er vist frå Skeidar;)), som etter kvart er blitt ein svært så grei plass å legge handleturen ;)

ps. Kan nokon gje meg tips om korleis eg får headern over heile??? Med all teksten over... Dette blei veldig rart:(

God kveld til alle!

onsdag 15. juni 2011

Eit nydeleg hus!!

Kom over dette på finn.no. Berre så flott, kunne flytta rett inn her:)









Her har eg fylt opp loftstua med halvparten(betyr desverre at det er like masse igjen!!) av alt på loftet. No skal det sorterast... Gjett om eg skal vere flink å kaste!!!

Ha ein fin kveld:)

tirsdag 14. juni 2011

Soveromsinspirasjon..

Ja, korleis skal rommet vårt bli?? Her er litt for ein kvar smak frå inspirasjonsmappa:)






Då er det berre å hoppe i køya og håpe dei små e friske i morgon. Litt halsvondt og slappe i kveld....

Go natt:)

søndag 3. april 2011

Tidspress...

I dag blir det litt innspirasjon... Formen er stigandes, gårsdagen var ikkje så god!! Men sjølvforskylt! Fredag kveld var eg ute på tapas og gravøl med mine hærlege kollegaer:) Det var kjempe kjekt, men litt vemodigt og.... ein dag igjen no så startar eg i ny jobb i heimkommunen min!! Realisering av draumen er altså igang:)) Det er faktisk i underkant av 3 mnd til vi flyttar.. anar ikkje korleis vi skal verte ferdig til det!!!!! Ventar framleis på den snekkaren som skal skifte vindu og tak... Denne helga tok vi oss fri frå jobbing i Gamlehuset, må slappe av litt og! Eg treng litt hjelp og gode råd: Gamlehuset har altså ein vasslekkasje i tillegg til at det har stått tomt nokre år. Resultatet er dårleg lukt i huset:(( No har vi skifta mange overflater og kasta ut teksitilar og dei fleste golvteppe (alle skal ut!!) Men framleis er det litt lukt... Nokon som har eit tips til korleis få den ut?? Ein ordentlig rundvask er og gjort.. Nokon tipsa om eddik, er det nokon som har prøvd det?? Vi flyttar ikkje inn noko som helds inn i huset før lukta er heilt borte!!!



Nydeleg bygårdsleilegheit!!


Ha ei fortsatt fin helg:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails