mandag 25. april 2011

Påskas resultat..

Då var vi komen heimatt etter nokre dagar med jobbing i gamlehuset. Må ha ein dag og hente oss innatt, blitt skikkeleg forkjøla og... Ystestua som verte tv-stua er no ferdig sparkla, pussa, grunna. Taket har og fått to strøk maling. Denne skulle igrunn malast i fargen varm lin, men lørdag var vi på fargehandelen og skulle kjøpe miljøtapet og maling då vi kom over ein masse tapetar til 50 kr. rullen!!! Det blei jo billigare det!! og kjappare...TRUDDE EG!! Den var ikkje grei å henge opp i det heile... isjj. Bomkjøp trur eg.. men den er fin då:)




Vinduet skal få eit strøk med kvitmaling, det vil nok gjere ein stor forskjell:) Her er tre lengder tapet kommen opp. For dei som lurer er dei beige stripene for å unngå kvite striper i skøytane (dersom eg skulle vere uheldig med dei då;))


I går heisa vi flagget, det er fleire år sidan sist flagget var oppe!! So stas med flaggstang, blir liksom ikkje det same med desse ballkongflagga..



Vi har hatt nokre deilege dagar med over 20 grader!! Skogen byrjar å bli grønn og påskeliljene er begynnt å blomstre.


Her er før bilete av gangen. Det blei veldig mørkt, ikkje sikkert det ser noko.. men det er igrunn veldig beskrivande.. Gangen var mørk med teppe i bruntonar (det er teke vekk her). Veggane er slike koreapanel og ein vegg med tapet. Veggane er mala i kvit lin og veggen mot stua er tapetisert i Ornament frå Borge, og ein rest for 50 lappen som eg fann for litt sidan!






Ha ein flott dag alle saman!



søndag 17. april 2011

Framover...

Eit lite livstegn frå denna kanten kunne vel gjerne vere lurt! Eg er her.. såvidt;) Travle tider med ny jobb, pendling og ikkje minst oppussing av hus! Idag intet unntak. Eg har hengt opp hyller på kjøkkenet idag, Den på høgre sida av hetta skal og bytast i ei litt større slik som på andre sida. Så har eg mala hetta i fargen bomull, slik som resten av innredninga og hyllene. Trur det vart finare enn at den var lik veggen... no heng liksom hyller, innredning og hetta saman. Avslutninga nederst og eitt strøk til gjenstår.


Mannen har lagt golv på jentene sitt rom. No gjenstår der berre listing og nye lampar!! Har ikkje heilt bestemt meg for kva lampar det blir endå...

No vert det to dagar med jobb og så meir oppussing, vi skal jo starte flytting om 2 mnd!!! Skal tru korleis det skal gå?? Og jammen skal ikkje vi på ei vekes kjærestetur i mai og:)))

Ha ein fin kveld alle:)

torsdag 7. april 2011

Ny jobb og pendling...

Har fått ein del spørsmål ang. min nye jobb! Eg trivast godt:) Mange kjekke folk eg skal jobbe saman med og ikkje minst svært spennande oppgåver! Men savnar mine gamle kollegaer og;) Det mest fantstiske med jobben er opplevinga av naturen! Det hadde eg masse av i min gamle jobb og, skal aldri ha ein jobb der eg ikkje får vere masse ute og:) Det eg trivst mindre med er pendlinga. Skal pendle no fram til sommaren, då flyttar vi ut i Gamlehuset. Reisa tar ein time på svært dårleg veg. I dag var vegen stengt ein periode pga. av skred:( dermed vart eg for sein... jaja, greitt det er for ein kortare periode. Og som de ser av bileta er det verdt det, då ein kjem ut til slikt landskap:) Bileta er lånt frå Askvoll kommune si heimeside. Her ser ein faktisk heim på garden:) Draumen om livet på landet er på veg til å bli ein realitet:) Eit skår i gleda var imidlertid at snekkaren kunne fortelje at taket var verre enn han trudde = dyrare God kveld til alle:)

onsdag 6. april 2011

Jippi!!! Endeleg:)))

I morgon startar snekkaren på taket!! Jammen blir det godt å endeleg få fiksa det så grov inngang og vaskerom kan fiksast. Tilbygget til høgre har hatt ein stor lekkasje som gjer at alt innvendig på byggast oppatt. Aller helst skulle eg gjerne fått på saltak, men det gjer vi ikkje no... har ikkje tid å vente på den prosessen... og så må vi no vere sikker på at vi trivst der ute før vi legg ut MASSE peng:)

Ha ein fin kveld:)

mandag 4. april 2011

Ein trist dag... men starten på eit nytt kapittel

I dag hadde eg min siste arbeidsdag... Så trist å reise frå alle dei fantastiske folka eg har jobba med!! Eg har hatt ein veldig interessant jobb, men det er først og fremst kollegaene eg vil savne. Spennande trur eg heilt klar min nye jobb verte og:) Og eg veit det er kjekke folk der ute og! For å oppfylle draumen om livet på landet, var det igrunn eit lett val til slutt! Det hadde blitt for tungt å pendle begge med tre små ungar. Eg hoppar rett i ny jobb i morgon! Det blir veldig spessielt å skulle jobbe på heimplassen min!!!



Ute minkar det utruleg nok på snøen. På framsida ser vi faktisk igjen plenen no! LYKKE:) På baksida er det derimot 70 cm igjen:(


Til og men Monsen har vakna frå vinterdvalen:)


Ha ein fin kveld alle saman:)

søndag 3. april 2011

Tidspress...

I dag blir det litt innspirasjon... Formen er stigandes, gårsdagen var ikkje så god!! Men sjølvforskylt! Fredag kveld var eg ute på tapas og gravøl med mine hærlege kollegaer:) Det var kjempe kjekt, men litt vemodigt og.... ein dag igjen no så startar eg i ny jobb i heimkommunen min!! Realisering av draumen er altså igang:)) Det er faktisk i underkant av 3 mnd til vi flyttar.. anar ikkje korleis vi skal verte ferdig til det!!!!! Ventar framleis på den snekkaren som skal skifte vindu og tak... Denne helga tok vi oss fri frå jobbing i Gamlehuset, må slappe av litt og! Eg treng litt hjelp og gode råd: Gamlehuset har altså ein vasslekkasje i tillegg til at det har stått tomt nokre år. Resultatet er dårleg lukt i huset:(( No har vi skifta mange overflater og kasta ut teksitilar og dei fleste golvteppe (alle skal ut!!) Men framleis er det litt lukt... Nokon som har eit tips til korleis få den ut?? Ein ordentlig rundvask er og gjort.. Nokon tipsa om eddik, er det nokon som har prøvd det?? Vi flyttar ikkje inn noko som helds inn i huset før lukta er heilt borte!!!



Nydeleg bygårdsleilegheit!!


Ha ei fortsatt fin helg:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails