mandag 25. april 2011

Påskas resultat..

Då var vi komen heimatt etter nokre dagar med jobbing i gamlehuset. Må ha ein dag og hente oss innatt, blitt skikkeleg forkjøla og... Ystestua som verte tv-stua er no ferdig sparkla, pussa, grunna. Taket har og fått to strøk maling. Denne skulle igrunn malast i fargen varm lin, men lørdag var vi på fargehandelen og skulle kjøpe miljøtapet og maling då vi kom over ein masse tapetar til 50 kr. rullen!!! Det blei jo billigare det!! og kjappare...TRUDDE EG!! Den var ikkje grei å henge opp i det heile... isjj. Bomkjøp trur eg.. men den er fin då:)




Vinduet skal få eit strøk med kvitmaling, det vil nok gjere ein stor forskjell:) Her er tre lengder tapet kommen opp. For dei som lurer er dei beige stripene for å unngå kvite striper i skøytane (dersom eg skulle vere uheldig med dei då;))


I går heisa vi flagget, det er fleire år sidan sist flagget var oppe!! So stas med flaggstang, blir liksom ikkje det same med desse ballkongflagga..



Vi har hatt nokre deilege dagar med over 20 grader!! Skogen byrjar å bli grønn og påskeliljene er begynnt å blomstre.


Her er før bilete av gangen. Det blei veldig mørkt, ikkje sikkert det ser noko.. men det er igrunn veldig beskrivande.. Gangen var mørk med teppe i bruntonar (det er teke vekk her). Veggane er slike koreapanel og ein vegg med tapet. Veggane er mala i kvit lin og veggen mot stua er tapetisert i Ornament frå Borge, og ein rest for 50 lappen som eg fann for litt sidan!






Ha ein flott dag alle saman!



3 kommentarer:

  1. Ska sei dåke er effektive og flinke☺
    Blir kjempefint!

    Flaggstang er noko anna enn balkongflagg ja! Men vi lyt nøye oss med det enn so lenge☺

    Ha ein fin dag☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Så gøy å se:D Ser ut til å bli kjempebra:D

    Ønsker deg en herlig dag!

    SvarSlett
  3. OI, her går det jammen meg fremover! Så masse dere har gjort!
    Skjønner det må være slitsomt med pendlingen, men det er jo bare for en kort stund. Mannen min pendler 2 timer x 2 hver dag på vinteren, så nå er han glad som en lerke når han har fått ut motorsykkelen av garasjen. Da forkortes nemlig reisetiden ned til 50 minutter x 2! Slipper å sitte i kø inn og ut av Oslo. Det er hele forskjellen. :)
    Hadde det vært opp til meg kunne jeg gjerne ha flyttet til Svalbard eller noe annet langtvekkistan. ;) Ytterst i havgapet langt nord eller vest hadde vært herlig. Bo i et fyr - enda bedre. Mange rare drømmer, men enn så lenge bor vi ved Oslofjorden. Hi, hi.

    Ønsker deg en fin uke!

    Klem,
    AW

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails